• (Copyright)
  • Photo: Foto: Forfattar.
    (Copyright)
  • Photo: Foto: Forfattar.
    (Copyright)
  • Photo: Foto: Forfattar.
    (Copyright)
  • Photo: Foto: Forfattar.
    (Copyright)
  • Photo: Foto: Forfattar.
    (Copyright)
  • (Copyright)

Papirdokkene mine.

På den tid eg byrja i skulen, eller litt sinare, fekk eg papirdokkeark til å klyppa ut.
Å, for ei saligheit! Stivt ark med gilde fargar! Klyppa ut blide jenter med fine kle og blanke sko. Dei var så pene med krulla hår, (sjølv hadde eg strame fletter).
Det var til å drøyma seg bort i, og ikkje kvardagskost for ungar like etter krigen.
Me som gjekk med omsydde klede, sokkar og undekle som stakk, hudsko som bestefar laga og heimesydde kjelederessar der snøen hengde fast og gjorde ein våt.
Papirdokkene hadde moderne strekkbukser med gamasjer og beksaumsko, foldeskjørt og jakke med pelsfor på hue og krage. Skulekjole med fin ransel, rutet kvardagskjole med forkle, og ikkje å forgløyma rosa silke finkjole med kapper-!

Eg fekk fargebok, teikningar med jenter kledde i bunader frå heile landet. Du verden så spennande det var å leggja farge på Gudbrandsdalsdrakt og Valdresbunad med snirklete mønster. Hardangerdrakta med raudt liv og perlebrøstduk,- same sorten som låg i mor sitt skåp! Arv etter gamle-faster. Den skulle eg få bruka når eg vart stor nok.
To papirdokker med berre bunader! Til jul fekk eg TO ARK! Den gleda sat lenge i. Framleis kjenner eg på den når eg ser klipsramma på veggen, der restane av dei har fått plass i seinare tid.

På vaskepulverpakkene Henko og Persil, var det ei tid papirdokker på baksida. Desse er diverre ikkje lenger i mi skuffe.
Me teikna kle ved å leggja dokka oppå arket, teikna omriss av skulder, armar og ev føter, alt etter om det skulle bli kjole eller buksekle. Me leikte rollespel og manequinoppvisning. Eit ord eg aldri hadde høyrt, men som veninna mi visste noko om.

Utklyppsdokker i ukebladet Hjemmet. Slik unødvendig luksus som ukeblad vart ikkje kjøpt heime, men mormor kom frå ein anna landsdel. Ho abonnerte og den som fekk gleda av dokkene var eg, (sjølv om eg var «stor» vorten). Den fyrste hadde til og med same namnet som eg, og garderoben vart rikholdig. Ingen paprdokker hadde så mange kle.

Etter henne kom filmstjernene.
Kjendiseriet var ikkje oppfunne då, men me likte godt Doris Day, June Allison og Audrey Hepburn. Og Grace Kelly, både som filmstjerne og i brurekjole som fyrstinne av Monaco. Nett desse kom på trykk, og med nye kle kvar veke. Sjølve dokkene måtte forsterkast og limast på papir for ikkje å missa både føter og armar i alle kleskifte.

Me teikna fleire kle og fleire dokker. Veninna mi som var einebarn, hadde god tilgang på alt slikt utstyr.

Mange av papirdokkene har overlevd, og mine ungar fekk sine. Ein regnværssommar vart det produsert mange heimelaga papirdokker.

Ein av dei er særleg stilig. Modellen var kjærasten til moster, og han som teikna den for syskenborna sine, kunne sine ting. Til og med skitrikoten frå langrennstida til storbroren kom på papiret, ilag med tidstypiske mannskle frå slutten av -70-talet.

Kjære minne som tek liten plass.

 

 

 

4 comments

  • God framstilling av leiken, tida og folket. Takk for at du minner oss på om det.

  • Fantastisk! Du beskriver så godt at jeg ramlet rett tilbake til min egen barndom: Jeg husker så tydelig da jeg selv satt og klippet ut papirdukker, tegnet klær og drømte meg bort i leken. "Kjære minner som tar liten plass", sier du. Jeg tror jeg har noen dukker selv nederst i en gammel eske, jeg lot dem bli liggende der da jeg ryddet sist, nettop fordi de ikke tar så mye plass...

  • Utrolig inspirerende skrevet!

    Nydelig nynorsk!

    Håper jeg kan komme til draktmuseet til sommeren.

  • Nydelig! Bunaddukkene har jeg tatt vare på selv!

Share to