• Photo: Alex Kurbanov (Opphavsrett)
  • Photo: Alex Kurbanov (Opphavsrett)
  • Photo: Alex Kurbanov (Opphavsrett)
  • Photo: Alex Kurbanov (Opphavsrett)
  • Photo: Alex Kurbanov (Opphavsrett)
  • Photo: Alex Kurbanov (Opphavsrett)
  • Photo: Alex Kurbanov (Opphavsrett)
  • Photo: Alex Kurbanov (Opphavsrett)

Det andre Torkildsen-orgelet frå Aure kyrkje – 85 år

 

For to år sidan skreiv artikkelforfattaren ein liten spalte um det allerfyrste orgelet i den gamle Aurkjerkåinn – Torkildsen-orgelet frå 1907 som umkom i kyrkjebrannen av lynnedslag den 21. januar 1923 (sjå Menigheitsbladet nr. 3, 2007). Kyrkja stod atterreist i oktober 1924 – snart for 85 år sidan. Berre fire dagar etter kyrkjeinnviingi, den 28. oktober, vart det nye piporgel allereie ståande på plass. Orgelet var levert av det same firmaet Brødrene Torkildsen frå Åsen i Nord-Trøndelag og var gåve til kyrkje frå grosseraren Elias Denis Mogstad (Trondheim), broren til polarforskaren Ivar Mogstad. Orgelet hadde pneumatisk traktur, 14 stemmer og to (!) svellpedal, disposisjonen er fylgjande:

Rørverk av

Pedal
Posaune 16`
Subbass 16`

Man. I
Trompet 8`
Oktav 4`
Gedakt 8`
Dolce 8`
Gamba 8`
Principal 8`
Bourdon 16`

Man. II
Geigen-principal 8`
Aeoline 8`
Vox celeste 8`
Fløte (sic! – A.K.) amabile 8`
Rørfløte (sic! – A.K) 4`

Manual koppel II-I
Super-Okt.[av] koppel II-I
Sub-Okt.[av] koppel II-I
Super-Okt.[av] koppel II
Pedal-koppel I
Pedal-koppel II

Aut.[omatisk] Ped.[al]veksel

Kombinasjonar: M[ezzo]f.[orte], F.[orte], T.[utti], Fri komb.[inasjonar]

Orgelet hev vori i trufast teneste i Aurkjerkåinn i over 55 år – til det bokstaveleg anda ut og etter fleire vonlause reparasjonar var byta med det noverande Starup-orgelet frå København. (Organist i Aure i nesten heile denne tidi, heilt frå 1924, var Kristi Aresvik frå Arasvika. Ho slutta i ca. 1975 men vikarierte nokre gong seinare.) Ved orgelskifte i april 1980 var det teken vare på det gamle orgelhuset frå 1924 (ein kann tydeleg sjå årstalet på venstre kant av orgelhuset. På høgre kanten ser ein tri store gotiske bokstavar: E.D.M. – initialane til skjenkjaren, Elias Denis Mogstad). Sjølve instrumentet er no i demontert stand, mesteparten av orgelet sine pipor pluss orgelbenken ligg på kyrkjeloftet, mens spelbordet og resten av pipone er på loftet til den gamle Prestgardslåna – Aure kyrkjekontoret sin ”residens” (og kommunen sin eigendom). Pedalbordet er lagra bakum spelbordet, men vindladene er sannsynlegvis mista.

I februar 2007 vitja Theodor Zuber kommunen vår. Zuber er kjend orgelbyggjar frå Vigra på Sunnmøre. Han var invitert for å observera, stemma og gjera evt. naudsyn justering / reparasjon av alle dei tri noverande kyrkjeorgela våre – båe i Aure, Stemshaug og Gullstein kyrkjer. I tillegg var han Zuber spurt um å sjå gjenom det gamle Aure-orgelet og seia kva han meinte um det. Han gjorde det med stor glede og konkluderte med visse at situasjonen med instrumentet ikkje er heilt vonlaus, orgelet kann helst rekonstruerast, sjølv um det kostar veldig mykji pengar til å setja instrumentet i gang påny… Men kven veit, kanskje skal dette verdifulle orgelet som utan tvil er stort kultursogaminne, få seg velfortent plass i det nye Aure-kulturhuset ein gong i framtidi?

 

Share to