• Photo: ukjent (Opphavsrett)

Tellevik kai

Livsnerven i grenda

Om lag 100 år seinare fekk Tellevik kai ein ny oppsving som anløpsstad for fjordabåtar i rute mellom Bergen og bygdene i Nordhordland. Snart blei Tellevik kai sjølve livsnerven i Hordvik-grenda. Særleg i samband med båtanløp i helgene samla det seg mange menneske på kaien, både reisande og folk som ville treffa kjente og høyra nytt.

Meirei og handelslag

Der dampskipa stoppa, grodde det ofte fram andre verksemder. Tellevik meieri starta i 1915, og i 1918 vart Tellevik handelslag skipa. Over meieriet var ein hybel for meierska. Til å halda mjølka kald, nytta ein is. Isblokkene kunne skjerast mellom anna i ei demning kalla Isastemma ved vegen opp mot Falkanger. Alle mjølkeleverandørane hadde plikt til å delta i isskjeringa. Isen vart lagra i eit ishus på kaien. Eit fryseverk gjorde at bruken av isblokker tok slutt ved midten av 1930-åra. Frå Sætre og Falkanger var det vanleg å kjøra mjølka til kaien med hest og kjerre, medan folk elles i bygda helst bar mjølka på ryggen. Over 30 gardsbruk leverte i 1930- og 1940-åra mjølk til meieriet i Tellevik. Herfrå vart mjølka skipa til Salhus og Bergen. Handelslaget fekk alt i 1923 konkurranse frå familien Askvik, som etablerte butikk like ovanfor kaien. Nokre år seinare gjekk handelslaget konkurs og la ned butikken på kaien.

Kumme til byskiten

Forutan butikk, meieri og ishus, fanst det og ei såkalla kaupakumme på Tellevik kai. I denne murte kumma lagra ein latrine frå byen. Skuter frakta ”byskiten” til Tellevik. I kaupakummen kunne så bøndene henta gjødsel ved behov.

Køyreveg 1930-åra

Tilkomsten til Tellevik kai betra seg i 1930-åra, då det kom veg over Hordvik som knytte saman Steinestøvegen med Falkangervegen. Dermed vart det kjøreveg til kaien. Under krigen stod tyskarane for bygging av vegen mellom Tellevik og Salhus.
Etter krigen mista Tellevik kai gradvis rolla som kommunikasjonsmessig og sosialt knutepunkt. Det kom ei omlegging av transporten frå sjø til land. Åsane Billag frakta mjølka til byen, og bussar overtok for fjordabåtane. Både meieriet og butikken vart nedlagt. Meieribygningen er dessverre riven. Kaiområdet er framleis i bruk, men no i første rekkje som båthamn, nauststad og badeplass. 

Share to