• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Kartutsnitt: Kulturnett Møre og Romsdal (Opphavsrett)
  • Photo: Kartusnitt: Kulturnett Møre og Romsdal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Stry-saka

Stry: Korte lin- eller hampfibrar, avfall ved hekling og skaking. Brukt til å spinne hyssing og som tetningsmateriale.

Det hadde vore sterk vestavindsstorm nokre dagar, så skavlane kvitskumma havet så langt ein såg. Den 27. oktober 1830 kom eit engelsk skip, bark, inn i Harøyfolla og prøvde seg på å kome inn til Uksnøya. Det var barken "Albion" av Scharbereugh, med Thomas Halle som kaptein. Skipet kom frå Arkangelsk, lasta med jarn, plankar, svinebørster, lin og stry,
som skulle til London. Ein kilometer utanfor Uksnøya grunnstøytte "Albion" medan folket på øya stod og såg på. Dei manna då ut ein båt og la i veg utom øya. Stormen hadde spakna litt, men det var endå uråd å kome til skipet, i staden gjekk dei opp på Stormåsholmen, og frå eit lågare skjer på utsida av holmen strekte dei ei 40 famners line ut til "Albion".
Mannskapet feste seg til lina og hoppa i sjøen, ein for ein vart dei så dregne til lands på holmen. Alle mann vart berga endå så hardt sjøbrot det var.

Den grunnen som "Albion" stranda på vart oppkalla etter forliset og heiter Engelskflua den dag i dag. Om dette forliset vitna: Nils Eriksen, Uksnøy f. 1783 og hans son Erik N. Uksnøy
f. 1805, Christen Johansen Uksnøy f. 1784 og hans son Iver C. Uksnøy f. 1812. Tenarar på Uksnøy Johan Johansen 25 år, og Jakob Pedersen 18 år. Desse seks frå Uksnøya var det som
berga det skipsbrotne mannskapet frå "Albion" den 27. oktober 1830. Dei vart alle innstemnt som vitne i det første rettsmøtet på Gamlem den 27. februar 1831.

Christen Uksnøy vitna om forliset at stormen spakna den 28. oktober. Det kom då mange båtar til "Albion", og folk la råd om kva dei skulle gjere. Los Peter Larsson Flem gjekk først om bord, sa han. Den innstemnde los Peter L. Flem, 35 år gammal, tilstod dette, men han gjorde det etter samråd med mange fleire som gjekk om bord i lag med han, så som Knut R. Røsok, Ole Olsen Myklebust, Aagne Pedersen Ulla, Truls R. Ura, Knut R. Fjørtoft, Gunder R.Myklebust og Paul Christ Huse. Det vart seinare opplyst at Peder N. Harnes f. 1791 var den første eller andre som gjekk om bord den 28. oktober.

Eldre folk frå Uksnøya fortalde ei segn om den første som gjekk om bord. Segna lyder slik: Los Peter L. Flem var den første som steig om bord i stryskuta. Han gjekk ned i lugarane og vart verande der ei god stund. Då Peter kom oppatt på dekk, var han sjuk, og han vart så låk at dei måtte reise heim att straks. Seinare kom det ut mellom folk at Peter skulle ha funne pengeskrinet nede i lugaren, og hans plutselege sjukdom og heimreise vart ei naturleg fylgje av funnet. Seinare bygde Peter seg nytt våningshus og levde i gode kår.

Det kom no mange til skipet, og dei gjekk om bord og tok til å avtakle skipet. Om ei stund kom også styrmannen og matrosane og hjelpte til. Alt som var laust og alt dei fekk tak i av lasten, så som plankar, lin og stry, vart ført til lands og lagt i haugar på holmen. Overtollmann Møller frå Myklebust kom straks til skipet og var sidan jamt til stades under bergingsarbeidet. Den 2. november vart det halde bergingsrett på Uksnøya, etter krav frå kjøpmann Karl Rønneberg i Ålesund og kaptein Thomas Halle. Retten var samansett av sorenskrivar i Nordre Sunnmøre Knut G. Krogh, kjøpmann Tomas H. Heide, Borgund, kaptein Gabriel Krogh, Jon L. Fylling og Jens O. Dybhavn, Borgund. Overtolltenar i Ålesund, Peder Storm, var tolk for kaptein Halle som også var til stades.

Det var framleis eit blåsande ver som hindra berginga. Retten kom til semje om å påskunde bergingsarbeidet mest mogleg, og derfor skulde det leigast 255 mann på 53 båtar for å frakte mest mogleg på land frå skipet som låg og gnog på grunnen. Det var elles fastbunde med anker og kjettingar men det var hol i botnen så mesteparten av lasten låg under vassflata. Seinare deltok 350 mann i berginga, som heldt fram kvar dag frå 3. til 12. november, såleis at 58 mann på 10 båtar arbeidde frå daggry til avdagsleite. Den 12. november hadde dei berga alt som var takande, og alt vart verdsett på land.

Men no hende det sørgjelege! Det kom opp at fleire hadde teke med seg sjøvått lin og stry heim, særleg dei som hadde vore med å berge frå 28. oktober til 2. november. Og alle desse vart innstemnde til tings for å stå til rette for ran på "Albion"s last. Dei frå Haram skulle møte på tinget i Gamlem 7. februar 1831, og dei frå Sandøy og Aukra på tinget i Sund. Dei fleste som hadde teke med seg noko heim, tilstod si synd og gav opp det dei hadde teke. Alt skulle leverast til lensmann Peder Gamlem, som noterte det kvar kom med. Blant dei som vart innstemde var det fire frå Ulla: Erik N. Ulla, Aagne Pederson Ulla, Ingebrigt Ivarson Ulla og Knut Hansson Ulla som til saman hadde teke 1 vog 18 mark stry.

Futen på Sunnmøre kravde at 181 av dei som var mistenkte for tjuveri frå "Albion" vart innstemde til forhøyr. Den første dommen vart avsagt 5. mars 1839, men han vart forkasta av høgsterett som kravde ny sakføring 5. oktober 1841. Nokre av dei som vart dømde, døydde. Den nye kommisjonen avsa dom i saka mot dei 122 skuldige den 22. desember 1841. Dommen vart anka til høgsterett som stadfesta den den 30. september 1843. 72 mann frå Haram og 50 frå Sandøy og Aukra vart dømde til tukthusstraff frå 2 til 6 månader og nokre til vatn og brød. Mellom dei dømde var det 29 losar som miste losretten sin. Mellom desse var losane Aagne Pederson Ulla f. 1793 og Ingebrigt Ivarson Ulla f. 1790.
 

1 comment

  • I forbindelse med en hovedoppgave gjorde jeg på 1990-tallet en undersøkelse om romsdalslosenes videre skjebne etter denne dommen. 22 romsdalsloser ble fradømt stillingene sine (og dermed også muligheten til å få pensjoon), noe som ville ha betydd et alvorlig innhogg i lostjenesten. Det viser seg pussig nok at samtlige loser fortsatte sitt virke, de ble ikke avsatt og de fikk faktisk utbetalt pensjon når de fratrådte sine stillinger.

Share to