• Photo: Tor-Egil Farestveit (Opphavsrett)
  • Photo: Jeffdelonge (Opphavsrett)

Restaurerte torvhus på Saurås

Tett ved vegen opp til Åsane gamle kyrkje står to restaurerte torvhus. Begge er murte av stein og har torvtak, slik tradisjonen har vore i området.

Brensel i myrane

I tida etter at jordbruket slo gjennom som leveveg mot slutten av yngre steinalder skjedde ei gradvis avskoging, i første rekkje ved at bønder svei av skogen for å skaffa beiter og åkerareal. Husdyra hindra gjengroing. Gjennom bronsealderen og første del av jernalderen oppstod såleis det lyngheilandskapet som har prega ytre delar av Hordaland fram til seinare tid. Etter at skogen forsvann, måtte folk finna brensel i myrane. Torv vart dermed viktigaste brenselet gjennom fleire årtusen.

Torvhusa var brenslelageret

Dei store og djupe Åsamyrane var ein veleigna stad å spa torv. Både bøndene på Saurås og dei andre gardane i Midtbygda hadde torvmyrar her. Etter at torva var spadd, blei dei einskilde stykka sette på kant mot kvarandere for å tørka. Deretter var det vanleg å lagra torva i torvhus før transport til gards. Torva kunne berast i kipe på ryggen eller leggjast på sledar eller kjerrer trekt av hestar. På somme gardar som hadde torvmyrar i høgareliggjande strøk, kom det etter kvart løypestrengar. Torvtakinga fekk ein oppsving i krigsåra 1940-45 og tok først slutt kring 1950.

Share to