• Photo: Ola Kvamme (Opphavsrett)

Ostraskutene og vossebygdene

Føringsbåtar

Kor gammal typen er, kan ein vanskeleg slå fast i dag, og det er heller ikkje sikkert at det berre er tale om ein bestemt type, men om føringsbåtar av ulik storleik til ulike føremål.

Ostra- eller Vosseskute?

Debatten går ivrig om det er Ostra-skute eller Vossa-skute som er det rette namnet. Kankje er røyndommen i den historiske tradisjonen at det var fjordingane, ostringane, som bygde og brukte båtane, medan vossingane var avhengige av dei i sjøferdsla frå vossebygdene og til byen. Det er også eit faktum at det gamle Vossaveldi strekte seg langt ut mot Osterøy og fjordane ikring.

Vedfrakt

Desse skutene var bygde som kraftige føringsbåtar, med veng akter og rigga med råsegl. Eit par lange årar høyrde til. Båtane kunne lasta opp til 8 famnar ved, og vedfarten var ein viktig varetransport. Tradisjonen fortel om bønder som gjekk i fast fart med ved til bakarane i Bergen.

Orginale delar

På Brørvika ved Stamnes finst det orginale delar som fortel om båttypen. Eit namn i tradisjonen er «Haldor på Berget» frå garden Kallviki. Han bygde dei beste båtane i dette distriktet.

Share to