• Photo: Storfjordnytt (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseths fotoarkiv (Opphavsrett)

Petter Berli 1911 - 1999

I boka ”Søndmørs Beskrivelse” skriv presten Hans Strøm kring 1760 om folket i Norddal:

”Indbyggerne lægger seg og meget efter Musique, ventelig for at fordrive den Eensomhed, som falder her meere almindelig end andensteds, og da Pigerne spiller lige saa hurtig som Karlene, er det ikkje rart (sjeldan), i et eeneste Huus at finde 2 eller 3 Personer, som forstaae at spille enten paa Violin (hvilket er det sædvanligste Instrument) eller paa Langspill (en National Strengeleeg, bygt i en Fiirkant, meere lang end breed, oventil bedækket og belagt med Messing-Strenger, men neden under aaben) eller og paa Harpe, som dog er mest rar (sjeldan) iblandt dem. Paa denne Maade henbringer Folket sin Tid med Fornøielse, og det saa meget meere, som de ikkun lidet vide af Sygdomme at sige, og befindes derfor ofte at have opnaaet en usædvanlig høi Alder, hvorom Kaldets Ministerial-Bog best kan være Vidne.”

Petter Berli er ein av dei som i særleg stor grad kom til å føre denne musikkarven vidare.
Petter, eller ”Beli-Petter” som han vart kalla lokalt, vart fødd 23. juli 1911 og døydde 16. juni 1999 nær 88 år gammal. I år 2011 er det såleis 100 år sidan han vart fødd.
Dei musikalske genane arva han både frå farssida og ikkje minst frå morssida. Faren, Ola Berli, var lærar i Valldal. Han døydde 42 år gammal. Petter var då berre 6 år, men har fortalt at han hugsa at faren spelte fele. Morfaren var meisterspelemannen Lars Petter Valdal
(Framgards-Lars Petter). Han levde frå 1842 til 1930 og lærte felespel av Per M. Bolstad som heldt seg mykje i Valldalen. Lars Petter spelte til dans berre 10 år gammal. Då laut han sitje på eit bord og saman med Bolstad reise han rundt i mange bygder. I følgje bygdebok for Norddal var Lars Petter den beste spelemannen som har budd i Valldal. Han spelte posisjonsspel, og det kunne ingen av dei andre. Men den unge guten fekk ikkje berre vellete for spelinga si. Truleg var det ikkje manglande kunnskap i kristendomsfaget som førte til at han som konfirmant laut stå nedst på kyrkjegolvet. Mange år seinare vart han ”vekt” og slutta mest heilt med å spele.

Som 12-åring var Petter ein dag saman med morfaren og sette poteter. Midt i arbeidsøkta skulle hesten kvile. Då skar Lars Petter seg ei seljefløyte, sette seg på plogen og let dei vakre tonane klinge ut i vårdagen. ”Du skal ikkje reke rundt i bygdene med ei fele,” sa han til dottersonen. Men Petter førte likevel arven frå bestefaren vidare på framifrå vis. Han tok til å spele då han var 15 år og lærte seg notar av Martin Heggen og Olav Omenås. Petter held slåttespelet i hevd i tillegg til å spele mykje klassisk musikk. Kombinasjon av tungt gardsarbeid på ættegarden Berli og lette fingerrørsler over felehals og strenger stilte store krav, noko han meistra på ein særs framifrå måte.


Tenestefolk/drenger som kom utanbygds frå hadde ofte med seg ei fele. Ole Gjerde frå Skjåk var ein av desse. Han dreiv som skomakar på Sylte (sentrum i Valldal). I tillegg braut han jord rundt om på gardane blant anna på Berli. Petter feste Ole sine slåttar på minnet og førte dei vidare over på fela. Ein anna spelemann som tente på garden var stordalingen Joakim Holm.
Jens Synnes frå Sjøholt må særskilt nemnast som ein av dei som Petter spelte mykje saman med i mange år.

Under krigen var det mange som flytta frå byen og ut på landsbygda grunna matmangelen. Slik kom både song- og musikklærarar til bygda. Petter nytta høvet til å ta speletimar hos ein av desse, ålesundaren Hans Iversen. Dette var i hovudsak klassisk spel.

”Kvartetten” hadde si første samkome 17. november 1927. Opptakten vart gjort av brørne Martin og Hjalmar Heggen. Oppgjennom åra var fleire med i ”Kvartetten”. Petter var ein sentral medlem gjennom mange år. Frå ”seinare år” forbind vi særleg ”Kvartetten” med
Petter Berli, Martin Hoel, Håkon Heggen, Hjalmar Berli og Ole Jakob Valdal. Desse karane spelte på mange festar og tilstellingar. Det var lite å få av økonomisk stønad og dei vart ikkje vidare velståande av musikken sin. Men glød og interesse dreiv verket framover til glede for alle som fekk høyre dei.

Alt som 17-18 åring spelte Petter Berli for første gong i eit bryllaup. Seinare vart han mykje nytta som bryllaupsspelemann både i Valldal og bygdene rundt. Før i tida kunne bryllaupsfestane vare bortimot ei heil veke. Ein gong spelte Petter til dans i heile tre døgn til ende. Slåttereportoaret hans var så stort at han ikkje tok opp att ein einaste slått gjennom heile den første kvelden og natta. Men som han ein gong sa: ”Når ein er sliten og trøytt tek ein berre opp att dei slåttane som gjeng av seg sjølve”. Før krigen var lønna for ein spelemann 10 – 15 kroner for å spele 2-3 dagar i strekk.

Petter er kjent for sitt særeigne og gode spel også utanfor bygdene her inne. Han deltok på utallige lands- og distriktskappleikar og fekk ofte trampeklapp for spelet sitt der.

Åra gjekk og mange var opptekne av at Petter sin musikk måtte førast vidare. Han vart tinga av Friundervisninga til å halde felekurs både for unge og godt vaksne. Etter kvart samla desse seg, og saman med andre vart Valldal spelemannslag skipa tidleg på 1980-talet med Petter Berli som den sjølvskrivne leiaren dei første åra. Petter har gjennom fleire tiår spela i mange bryllaup og gravferder, i glede og sorg. Petter si fele har lydd på svært mange leikarkurs og dansetilstellingar, den siste tida også i lag med Spelemannslaget. Norddal musikkskule (kulturskule) nytta seg av Petter som felelærar i mange år. Ofte sykla han frå Berli til Sylte (vel ei mils veg) for å halde undervisning. ”Kvar gong eg kjem for å spele, kan eg merke kor han lyser opp” skriv Ingunn Linge Valdal i ei semesteroppgåva på Raulandsakademiet.

Norddal har fostra mange gode kulturberarar rundt om i bygdene. Likevel var det ikkje noko problem for kulturstyret å peike ut spelemannen Petter Berli som vinnar av den aller første kommunale kulturprisen. Sundag 16. november 1986 var Valldal samfunnshus fylt til aller siste plass i høve denne høgtidelege og velfortente prisutdelinga.
”Du har sett synlege spor etter deg” sa ordførar Karl A. Døving i høve overrekkinga. ”Synlege spor som andre vil følgje med glede”.
 

Share to