"Alex Kurbanov"

Hyllest til Aure kyrkjekor

Denne artikkelen var skriven hausten 2008 i samband med kyrkjekorjubileet og kyrkjejubileum på Stemshaug, men kom ikkje på prent den tida.

Hausten 2008 skulle Aure kyrkjekor vera 125 år… Jo, det er heilt sånn, sjølv um det høyrast so utruleg ut. Men lat oss no fortelja alt i rekkjefylgje. Ein gong var det ein mann på Stemshaug. Han heitte Ole Olsson Ulfsnes, frå Ulfsnes på Skarsøya. Han var båe lærar (i fleire fag), gardbrukar og næringsmann, postopnar, musikar, politikar og kulturberar (ei stund ordførar), med eit ord – altmoglegmann. Ikkje minst var Ole Ulfsnes djupt truande kristen og derfor og dermed sterkt kyrkjeleg engasjert – som misjonsselskapsmann, klokkar, kyrkjesongar og korleiar. Det var han som sende i november 1901 søknad til Kongen um eige kyrkjesokn og eiga kyrkje på Stemshaug. Og det var akkurat han som 18 år tidlegare starta kyrkjekor i Aure kyrkje for allerfyrste gong.

Ole O. Ulfsnes døydde i 1928, 81 år gamal. Sidan hadde kyrkjekoret i Aure vore eksisterande, med større eller mindre pauser, nesten til våre dagar. Koret hadde ganske breidt songrepertoar. Siste gong var koret atteruppstarta i 1994 då Brian Hepworth var organist i Aure. Sidan hev dei fylgjande vore med i koret i forskjellege åra:

Sopran:

Kristi Lillebø (1926 – 2006)
Randi Barlaup
Margunn Klaksvik
Gudbjørg Melland
Britt Larsen

Alt:

Marit Vik
Kirsti Orheim Ås
Margot Husby
Målfrid Sletta
Lina Oldervik

Tenor:

Asbjørn Klaksvik
Kjell Inge Alvsvåg

Bariton:

Ottar Melland

Bass:

Fridtjof Kristiansen (1945 – 2001)
Ivar Vik
 

Diverre ligg no kyrkjekoret nede for tida, men me mistar ikkje von. Me vonar at ein dag kjem det fleire nye og yngre songkreftor til Aure kyrkjekor. So, til slutt, TUSEN STORE TAKKAR til dykk alle ovannemnte, gode korsongarar med monge års erfaring (nokre hev vore med i Aure Songlag óg) som artikkelforfattaren hadde gleda til å samarbeida med i fleire år! Takk for at de hev lært meg veldig monge ting då eg byrja som Aure-organist for ein del år sidan! Og ikkje minst takk til Aure-sokneprest, historikar, bygdabokskrivar Per Eilert Orten for idé, inspirasjon og upplysingar til denne artikkelen.

Share to