• Photo: Astor Furseth
    (Copyright)
  • Photo: Astor Furseth
    (Copyright)
  • Photo: Leiv Valdal
    (Copyright)

Korsbrekka i Valldal

Heilag-Olavs flukt

Snorre som var i Noreg ca. 1218 skriv at kong Olav Haraldsson (Heilag-Olav) var på flukt frå overmakta, og kom til Valldal kring årsskiftet 1028/29 med følgje av ca. 400 soldatar. Kongen hadde også med hestar, mykje våpen og utstyr, og dei lokale bøndene med hovdingen Bruse i spissen skulle hjelpe han. Alt folket gjekk til fots, også kongen sjølv gjekk opp denne bakken ovafor Syltemoa, skjønar vi. Det er god grunn til å tru at nettopp her på Korsbrekka kom kongen forbi. Det var ikkje skog då, og han hadde sikt ned mot Sylteøyra og kunne sjå skipa som var sette opp, eller kanskje dei gjekk opp i flammar, som folketradisjonen seier. Vi veit ikkje dette med visse, kongeskipet Visunden vart iallfall spart.

Korstradisjon gjennom tusen år!
Det står i Snorre at då han var komen opp bakkene til Korsbrekka, kvilte han, og sat der ei stund og såg ned mot fjorden og sa: Ein slitsam veg har dei lagt for meg, lendmennene mine, dei som nå har skifta truskap; men ei stund var dei mine fulltru vener. Snorre skriv at det vart reist to kors akkurat der kongen sat. Og herfrå sette kongen seg opp på ein av hestane og rei vidare oppover og stansa ikkje før han kom til Alstad. Det blir fortalt at Olav også let reise eit kors nede ved fjorden. Den tradisjonen er borte no, kanskje vart der bygd ei kyrkje på den staden, restane av ho er i så fall også borte (Olavs Messehytte). Men korstradisjonen her Korsbrekka er blitt halden i hevd gjennom snart tusen år.

Her stod to kors til utpå 1200-talet, det veit vi frå lokalhistoria. Kjem vi fram til 1743 er der berre eitt kors igjen, og norddalspresten Torstein Hoel skildrar korleis bøndene alltid har passa på å halde korset vedlike. Når eit kors rotna ned, reiste dei eit nytt. Men ein likesæl periode kom, skildra i romanen av Marta Schumann: Korset under skuggefjell, då dette trekorset rotna ned og heldt på å forsvinne. Dette var også i ein periode med dårlege tider for folket. På slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet nådde den vesle istida maksimum, med svolt, uår, mange dødsfall, og folk hadde fullt opp med det mest naudsynte. I 1839 var det knapt nok restar att av korset, kanskje var det heilt borte, og Valldalingane bestemte at dei måtte reise korset på nytt, denne gongen i form av ei steinstøtte med eit jernkors på toppen. Minnestøtta ein har her i dag vart såleis reist ein gong mellom 1839-1859. Her er hogge inn: Olaf d. Hel. Ann. 1029.

Gravhaugar

Korsbrekka har i eldre tid vore samlingsstad for folket i Valldal, og ofte brukt som stemneplass. Her ligg og to store gravhaugar frå heidensk tid. Den eine haugen ligg øvst i Korsbrekka, heilt ute på morenekanten ved Olavsvegen. Denne gravhaugen er 16 meter i tverrmål og 1, 25 m høg. Det er eit søkk i toppen av haugen. Sør på denne haugen står Olavsbautaen. Den andre haugen ligg tett vestafor og er 22 meter i tverrmål og 2 meter høg. Også denne har eit lite søkk på toppen. I tillegg gjeng det ei grøft rundt haugen.

Olavsvegen

Den gamle Olavsvegen går framleis forbi Syltefjellet opp mot Ødegård og Døving. Når vi gjer unntak for Stiklestad og Trondheim, så er kanskje nettopp denne staden her på Korsbrekka i Valldal den staden i Noreg der folk har halde mest kontinuerleg på Olsoktradisjonen om å minnast Heilag-Olav.

Share to