• Photo: Astor Furseth (Opphavsrett)
  • Photo: Frode Pilskog, Stiftinga Sunnmøre Museum. (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseth (Opphavsrett)
  • Photo: Frode Pilskog, Stiftinga Sunnmøre Museum. (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseth (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseth (Opphavsrett)
  • Photo: Gunnar Hjelle (Opphavsrett)
  • Photo: Bjørn Johan Storås (Opphavsrett)

Eit uvanleg funn

Sommaren 2010 gjekk Gunnar Hjelle seg frampå ein underleg stein i skogen i Rongane i Eidsdal, Norddal kommune. Dette viste seg å vere eit gardssteinbrot for klebersteingryter.

21 sirkulære groper

Oppe i skogen i utmarka til Toregarden, 600 meter sør for ferjekaia i Eidsdal, fann Gunnar Hjelle ein stein med nokre underlege formasjonar. Han fjerna mose og lyng og såg ei mengd gravespor. Det vart etterkvart klart at dette måtte vere menneskeskapt. Steinen er 2 x 1,5 stor, og på steinflata er det synleg i alt 21 sirkulære groper tilverka av hogging og sliping. Dei fleste gropene står att med ein del stein i midten som såleis representerer emne til gryter eller steinkar. Steinslaget kan vere kleber, men inneheld mykje glimmer og er grønleg inni.
I august 2010 kom Frode Pilskog, Sunnmøre Museum, og han skreiv ein rapport om funnet, som også straks vart registrert som fornminne og automatisk freda. Frode Pilskog skjøna at dette var eit spennande funn, ja, nesten ein liten sensasjon, då det ikkje er gjort liknande funn i våre område før. I historia om Borgund er det rett nok nemnt noko om eit steinbrot på Emblem, men ein trur likevel ikkje at steinkara som vart funne i Borgund er laga på våre kantar. I Arne Skjølsvolds bok om "Klebersteinindustrien i vikingetiden", blir det nemnt berre fem steinbrot i heile Møre og Romsdal: Tre i Sunndal, på Veøy og i Sande. Slik er Rongane i Eidsdal det første som er funne på midtre og indre Sunnmøre.

Eit sjeldant klebersteinbrot

Oppe på Rongane finst såleis eit steinbrot der ein har teke ut emne til gryter eller kar, og var truleg eit gardssteinbrot som har dekt lokale behov. I eldre tid var det stort behov for klebergryter som er godt eigna til kokekar over open eld. Dersom vi granskar steinflata, oppdagar vi fleire gryteemne som står att i det vesle klebersteinbrotet. Som ein ser på foto, er emnet hogge direkte ut av berget, før den halvferdige gryta vart hakka laus. Emna vart sikkert arbeidde til gryter nede på garden.

Kor gammalt?

Steinbrot der det er teke ut emne til gryter er som regel frå jernalder eller mellomalder. Det ser ikkje ut til å vere noko ved steinbrotet som kan hjelpe oss med å slå fast alderen. Men det kan vere aktuelt å tenkje på ein gjenstand som Kåre Storås fann i potetåkeren i 2003; ein del av eit klebersteinkar forma som ei kole(?). Folk frå Sunnmøre museum såg på funnet og daterte dette til ”truleg 1100-talet”. Garden Storåsen ligg ikkje så langt frå funnstaden på Rongane. Kan dette steinkaret kome derifrå? Utsjånad på steinen er ikkje så ulik.
Klebersteindrift var ei viktig næring og har gitt opphav til mange gards- og stadnamn. Her i området kan vi tenkje på Kleberghamaren ut mot Ospahjellneset, Kleberg i Liabygda, og kanskje Telberg i Stordal (kleber vart ofte kalla telgjestein). Ordet gryte kjem frå det gamalnorske ordet for stein, grjot, og kan skrive seg frå bruken av kleberstein til gryter. Klebersteingryter frå Noreg kan vere 4000 år gamle. Det finst særs få funn og granskingar, så dette i Eidsdal er viktig også i nasjonal perspektiv.

 Kjelder

Frode Pilskog: Rapport frå synfaring, Rongane, Eidsdal, august 2010. Stift. Sunnmøre Museum
Arne Skjølsvold; Klebersteinsindustrien i vikingetiden, UiF, 1961
Informantar: Gunnar Hjelle, Frode Pilskog, Kåre Storås.
Innskrive i Askeladden, idnr. 138316
 

Share to