• Photo: Arkikon.no
    (Copyright)
  • Photo: Arkikon.no
    (Copyright)
  • Photo: Arkikon.no
    (Copyright)
  • Photo: Arkikon.no
    (Copyright)

Gravfeltet på Røttingsnes

Belligenhet

Gravfeltet strekker seg på ei line langs ein bergrygg, i kanten av dyrka mark, ut mot spissen av neset. Her ligg både runde og avlange meir skipsforma haugar og røyser. Når vi i dag gjeng ute på neset kan vi finne restar etter 10-14 røysar. I 1910 gjennomførte Karl Rygh, styrar ved Vitskapsmuseet i Trondheim, arkeologiske undersøkingar i 8 av gravminna. Han gjorde funn i ei langrøys og ei mindre rundrøys.

Gravfunn frå vikingtid

Langrøysa hadde eit tverrmål på 9 x 4 meter (nr. 5 på kartet). Her vart det funne rester av ei båtgrav, men berre klinknaglane og eit beslag frå akterstemna var bevart. Båten har vore om lag 5 meter lang. Den døde var ei kvinne og låg i nordre del av båten, men skjelettet var rotna bort. Kvinna var gravlagt ikledd ei drakt/kjole med to ovale spenner av bronse, eit perlekjede og eit gullforgylt smykkebeslag. I beltet hang ein bronsenøkkel. Som reiseutstyr har den døde fått med seg linhekle, jernsaks, spinnehjul, steikepanne, kokekar, knivar og eldflint. Grava er frå vikingtida, tidleg på 800-tallet.

Spor etter røvargods

Det eine smykket som har pryda kjolen til den døde kvinna, har kome frå kontinentet, truleg dei britiske øyane. Etter alt å døme har det opphaveleg vore beslag på ei heilag bok, kanskje ein bibel. Det er trulig omgjort til smykke etter at det kom til Noreg. Dette er neppe ei vanleg handelsvare og kan stamme frå røvartokt til eit kloster eller ei kyrkje.

Mannsgrav i båt

Like ved langrøysa låg ei mindre røys med tverrmål på 5 m. (nr. 4 på kartet). Denne er fjerna i dag. Også her vart det funne båtnaglar etter ei grav frå vikingtida. Den døde var ein mann, og det vart m.a. funne restar av eit sverd i treskjede, ei treskjede, ein skjoldbule, ein beltespenne, ein sigd, ein mulig syl, ein perle av brun skifter, tre stykk flint og jernbeslag av ukjent funksjon. Truleg har beslaget tilhøyrt båten som var gått helt i oppløysning, berre klinknaglar og spikrar låg igjen. Båten har truleg vore 3 - 4 meter lang ut frå storleiken på haugen. Det vart og funne restar av ytterligare jernsaker, men desse var så øydelagde at ein ikkje kunne finne ut noko meir om dei. Av den døde og kleda hans var det ingen synlege restar igjen etter tusen år i jorda.

Båtgrav

Båtgrav er ein gravskikk med hovedkonsentrasjon i Noreg, og som oppstod ein gong i slutten av eldre jernalder (omkring år 550-650), men er vanlegast i vikingtid (800-1030). Ofte blir båtgraver knytt til rike slekter. Denne grava er eit eksempel på dei meir beskjedne og ”vanlege” båtgravene kor mindre båtar er lagt i grava saman med den døde. Skiljet mellom ein ”båt” og eit ”skip” blir til vanleg sett ved 15 meters lengde. Blant dei rikaste gravane frå denne perioden er skipsgravar som Oseberg og Gokstad. Båten i graven er eit statussymbol for den døde og ætta, men den kan og tolkast som farkosten som skulle ta den døde trygt til dødsriket. Båtgraver blir ofte knytt til segne om Balders bålferd i sagaene. I vikingtida blir det vanleg å få med seg verktøy og reiskap i graven i tillegg til våpen og personleg utstyr. Dyr som hundar, fuglar og hestar blir også meir vanleg, men da helst i dei rikaste gravane.

Segna om kong Røtting

Ei lokalt segn fortel at ein "neskonge" som heitte Røtting skal ha budd på Røttingsnes. Han låg stadig i kamp med herskaren i Stangvik, kong Stang. Segna fortel at kong Stang prøvde å demme opp det smale sundet mellom Nesøya og fastlandet for å tvinge Kong Røtting til å sigle rundt øya. Inntil for få år sidan skulle ein kunne sjå spor etter dette.

Ætta og odelsmarkering

Mest sannsynleg er dette eit gravfelt for ætta som i jernalderen sat på garden. I Møre og Romsdal skriv dei fleste gardsgravfelta seg frå ca. 300 – 950 e. kr. Det var viktig for ei ætt å gravlegge eller hauglegge sine døde i ættejord. Ætta bestod både av dei levande og dei døde. Dei døde vart tillagde påverknadskraft på kor gode avlingar det vart, og på helsa for folk og fe. Gravhaugane har også vore odelsmarkeringar. Ein hadde ikkje eit skriftleg skøyte på jorda, men forfedrane var gravlagde her, og det legitimerer ætta sitt krav på gard og grunn.

Sentral plassering

Plasseringa av gravfeltet er svært sentral dersom ein tenker seg at sjøen var den viktigaste transportåra. Gravhaugar ligg ofte knytt til sentrale skipsleier eller vegfar, og innsyn til og utsyn frå desse er eit sentralt poeng for plasseringa.

Gravfeltet på Røttingsnes er freda iflg. Lov om kulturminne. Inngrep i, eller øydelegging av kulturminne medfører straffeansvar.

Share to