• Photo: Arkikon.no (Opphavsrett)
  • Photo: Ragnar Orten Lie (Opphavsrett)
  • Photo: Ragnar Orten Lie (Opphavsrett)
  • Photo: Ragnar Orten Lie (Opphavsrett)
  • Photo: Ragnar Orten Lie (Opphavsrett)

Falkefangst på Smøla

Ei lita steinsamling på Smøla er ein del av ein rik og symbolmetta kulturhistorie. Falkar fanga på Smøla enda opp på handa til europeiske kongar og fyrstar.

Falkefangst i Noreg
I Noreg vart falkar fanga alt på 900-talet. Rettane til fangsten var regulert i mellomalderlovane. Dei norske kongane kontrollerte sjølv falkefangsten. Men når Håkon VI døde vart Noreg og Danmark sameina under hans danske dronning. Utan konge og adel som dreiv med falkonering forsvann kunnskapen om fenomenet i Noreg. Den danske kongen leiger i stor grad ut rettane til fangst i Noreg.

Hanseatane og deretter hollendarane profesjonaliserte fangsten og treninga. Hollendarane monopoliserer nesten heile marknaden. To byar i Holland spesialiserer seg på trening, og fuglar herifrå, samt hollandske falkonerar er å finne ved nesten alle europeiske hoff på 1500-, 1600- og 1700-talet.

Jaktfalk og vandrefalk
Det er dei store falkane, som vandrefalk og jaktfalk som er fanga på Smøla. Vandrefalken og jaktfalken har ei nordleg utbreiing og vandringsrute. De nordlege falkane er større og lysare i farge enn de sørlege. Særleg dei kraftige kvite jaktfalkane hadde høg status og er ofte avbilda på europeiske adelsportrett frå 1600- og 1700-talet.

Fyrsteleg tidsfordriv
Falkejakta er eit ideal for europeiske kongar på 1100- og 1200-talet. For ein krigarelite, med herskarideologi frå jern- og mellomalder, er jakt og særleg jakt med rovfugl ein egna fritidssyssel. For unge fyrstar var jakta ein god opplæringsarena for eigenskapar ein treng i krig. Kostnadene i seg sjølv gjer at dette er ei jaktform reservert for adelen. Symbol- og statusaspektet ser ein klart, når enkelte land innfører dødsstraff for andre enn adelege som driv med falkonering.

Falkonering
Falkonering er kunsten å halde og å jakte med rovfuglar og kjem til Europa på 400-talet e. Kr. I rike skandinaviske og europeiske gravfunn frå jernalderen er gjerne rovfuglar, hundar og hestar ein del av gravgodset. Mange gjenstandar med falkemotiv og bilde på tekstil og bautasteinar, viser at falkonering var utbreidd i perioden 400 - 1000 e. Kr. Frå og med 1100-talet har vi i tillegg eit rikt skriftleg materiale på falkonering. På 1600- og 1700-talet vert falkonering ein rein fritidssyssel mindre prega av symbolske og ideologiske aspekt, og på 1800-talet døyr kunsten nesten ut. Ironisk nok kjem rovfuglane nå under større press. I 1846 vert dei stempla som skadedyr og det vert sett opp skotpremie. Enkelte bestandar er utrydningstrua før dei blir freda på 1920-talet. Falkonering er ulovleg i Noreg, men har de siste tiåra igjen blitt ein utbreidd sport i Europa.

Prisen
Kostnadane med falkonering er vanskeleg å forstå. I si samtid var prisen uvesentleg og falkonering var ein del av adelens ideologi. Ofte er falkane gåve mellom kongar. Gåver var ledd i alliansebygginga mellom hoffa. Vi har nokre opplysningar om marknadspris. Brev frå 1100-talet viser at prisen på ein falk tilsvarte det ein bonde måtte betale for seks kyr. På 1600- 1700-talet er prisen på ein jaktfalk 30 riksdalar, dette tilsvarer prisen på ti kyr. I tillegg må falken fraktast, trenast og haldast i live av ein profesjonell falkoner. Ved aktive hoff var det over 100 falkar og 30 - 40 personar knytt til falkegarden.

Falkefangsten på Smøla
Vi kjenner frå skriftlege kjelder to hollendarar som dreiv falkefangst på Smøla. Adrian Rochertsen Falkener betalte i 1548 -1549 for fangstrett på Smøla. Adrian Falkener blei seinare ordførar i Trondheim. I 1661 har Admiral Opdam eit falkeleie på Dyrnes på Smøla. Tufta på biletet kan stamme frå førstnemnde. Falkane blei ført til Holland for trening og vidaresal. Falkefangaren som ein gong sat i denne tufta var sikra ein god årsinntekt om han fanga ein einaste falk. Fangsten på Smøla sluttar på slutten av 1700 talet når marknaden blir borte.

Moderne truslar
Ein ny og usynleg fiende kom på 1950-talet og trua bestanden. Med industrialiseringa av Europa vart Noreg svært utsett for sur nedbør. Saman med utstrekt bruk av sprøytemidlar som DDT, medførte dette mykje dødsfall blant rovfuglar. Sidan rovfuglane er på toppen av næringskjeda blir miljøgifter svært utslagsgivande.

Miljøsituasjonen betra seg på 1970 - 80 talet, men då stod neste trussel klar. Dei siste tiåra er det blitt kjent at det gjeng føre seg ein lukrativ svartebørshandel med egg, ungar og utstoppa rovfugl frå Noreg. Dette er ein organisert faunakriminalitet som går føre seg den dag i dag.

I over 1000 år har våre rovfuglar vore utsett for press frå falkefangarar, skotpremiar, sur nedbør og miljøbrotsmenn. Men vi får håpe at du endå kan oppleve rovfuglar i sitt rette element på Smøla.

6 comments

  • Hei!

    Dette er en interessant fortelling om en spesiell aktivitet som foregikk i Norge i det aktuelle tidsrommet som det fortelles om. Fangsten i Norge var konsentrert om de to artene Vandrefalk og spesielt Jaktfalk. (Vandrefalk kunne fanges ellers i Europa, Jaktfalk stort sett kun Norge og Island). Artikkelen kan bedres et par hakk ved å sette inn bilder av Jaktfalk/Vandrefalk - fuglen på bildene er en ørn (trolig ikke europeisk). Mvh Agnar :)

  • Takk for tipset! Nå er ikke fotografen spesialist på falker. Bildene er tatt i Danmark på et treningssted for falkonering. En får se på bilda som illustrasjonsfoto til teksten.
  • hallo

    når forfatteren ikke engang kan skille ad artene falk og ørn, nærmer hele artikkelen seg groft dilettanteri!

    emnet fortjener bedre

  • Det er ikke forfatteren som er en dilettant, men undertegnede som har lagt inn foto. Fotoene som kommentarene henspeiler på er nå fjernet. Kulturnett Møre og Romsdal vil prøve å skaffe nye falkebilder til artikkelen. For tiden har vi ingen bilder med egne rettigheter så hvis noen har bilder av Vandrefalk eller Jaktfalk så mottas de med takk!

    jan.aakvik@ikamr.no

  • Nå har vi innhenta opplysninger fra sikker kilde om fugletype. Det er ikkje ein ørn, men en Harris’ Hawk. Se oppdatert tekst under bilda.
  • Kunsten er vel å skrive korte artikler om omfattende emner. Falkonering er et omfattende og spennende emne, og jeg jobber nå med en større artikkel. Bilder er vanskelig siden man må ha fulle rettigheter til bruk på nett. Siden falkonering (heldigvis) er forbudt i Norge så blir representative foto vanskelig. De vi kunne bruke var disse fra Danmark Foto skulle vise aktiviteten, med samspill mellom menneske og fugl, og var ikke ment knyttet til typer rovfugl. I fangsten var Jakt- og vandrefalk mest ettertraktet. Jaktfalken var mest eksklusiv og symbolladet i middelalder. Hauker (særlig hønsehauk) ble også fanget i stor skala. I Norden var nok hønsehauken den mest brukte fuglen i jern- og tidlig middelalder. (Hawking er da riktigere begrep)

Share to