• Photo: Inger Lena Gåsemyr (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Engevik - offisersgarden

Embetsgarden

Engevik ligg lunt ned mot fjorden; ein vestnorsk embetsgard frå dei siste åra av einevaldstida. Under krongods-salet i 1720-åra kjøpte Segelcke Os-kyrkja med annekskyrkjer og tilliggjande jordegods. Jordegodset gav turvande attåtinntekter for embetsmenn.

Kro- og gjestgjeveri

Det er på denne bakgrunnen vi også må sjå løyvet frå 1729 til å driva kro- og gjestgjevarverksemd. Futen P. Heiberg meinte at dette tiltaket var fullstendig unødvendig, både for «...Almuen og Reysende, thi der kommer icke andre end Bønder ovenfra Dahlen (Hålandsdalen) der agter sig til Byen...». Dei kunne like gjerne overnatta på gardane, tykte futen, som påpeika at «...her holdes hvercken ordentlig Gjest-Giverie eller Strand-Sidderie, men adskillige Under-Officerer haver med Oberst-Lieutenantens Bevilling holdt Øll- og Brændeviins-Kroe paa differente Steder i Districtet...». Sjølv heldt Segelcke seg lite heime på garden. Han vart utnemnd til generalmajor og tenestegjorde i København til han døydde i 1763.

Hus med "bystil"

Dei to følgjande eigarane, major Hartvig Carl Filip Segelcke og svigersonen, løytnant Knud Nyegaard, bygde tunet vidare ut. I 1769 brann hovudbygningen, og majoren bygde ein ny, litt mindre, på same tomta året etter. Først på 1800-talet fekk tunet den forma det har i dag, med to naust, løe med fjøs, stall, geithus, smie, skykkje, eldhus, stabbur og borgstove. Omgjeven av kvitmåla stakitt låg hagen med lysthus, små saluttkanonar og hovudbygningen frå 1770, i karakteristisk Bergens-klassisisme med halvvalma tak.

Share to