• Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)

Solglytt 1909: Vort arbeid

Likestilling i praksis: Opningsartikkelen i fyrste utgåva av avisa Solglytt i 1909 er skriven av "ei gjenta" - fire år før norske kvinner fekk allmenn stemmerett!

                     Vort arbeid.

 


”Alt arbeid ska odlast i ærlegt stræv og byggjast i sannings tempel” segjer diktaren.
Og det er sandt.

 

Men korleis er det ikkje-, hev me ikkje ofte hug aa knurra yver vort arbeid? Me tykkjer vort arbeid er simpelt og me lyt slita formykje. Lat meg faa lov aa segja, at alt ærlegt arbeid er aldrig simpelt.

Naar me vel det arbeide me er mest skikka for og hev mest gjevnad til, so kviler der og mest signing yver dette kor vrangt det end ofta kan sjaa ut.
Men kor mange er det ikkje som her er komne paa ”range hyllor” av den grunn at dei ikkje fekk vera fri i sit val av arbeid. Kanskje hadde ikkje foreldri raa aa kosta dei paa skule – snart eitt snart eit anna.


Det er ikkje skulen, fagskulen berre som odlar mann, men det arbeid som fylgjer med baade daa og seinare.
Skule er ikkje absolut naudturvelegt for alle. Kjenner ein seg god nok fyrr so klem berre paa, for arbeidet odlar, men daa maa der vera tanke i arbeidet.


Difor ungdomar lat tanken alltid fylgja arbeidet. Daa hev me mest nytta av det og daa fege der mest signing med.


Lat os arbeida trutt paa det arbeid me hev for oss til signing for oss sjølve og gamle Norge.

 

Ei gjenta ”  

Bladstyrar : " E."

 

 Ortnevik Ungdomslag vart skipa i 1904, og lagsavisa Solglytt har eksistert sidan 1909. Talrike skribentar og redaktørar har forma innhaldet i dei handskrivne bøkene. Ironi eller djupt alvor - tolkar vi tekstane rett?

 

Share to