• Photo: Foto: Engvig, Nordmøre museums bildesamling (Opphavsrett)
  • Photo: Foto: Gjemnes kommune/Fylkesfotoarkivet (Opphavsrett)
  • Photo: Foto: Ingvild Ruland, Nordmøre museums bildesamling. (Opphavsrett)

Hekt-Ola-Sivert og ho Sivert-Marit

To originalar og handelsreisande frå Gjemnes.

To av originalane som fòr rundt i Gjemnes før i tida var han Hekt-Ola-Sivert og kona Sivert-Marit. Sivert Olsen var fødd 31.1.1844 i Øre. Han er truleg fødd i "Røtå", også kalla Kvernhushaugen i Torvikdalen. Her budde foreldra hans på ein liten husmannsplass. Ved sida av husmannsplassen dreiv faren med handverksarbeid som førte til at han fekk nemnet "Hekt- Ola". Familien fekk seg ein husmannsplass under garden Torvik (Bøen). Av far sin hadde Sivert lært seg å lage småting som malar, hekter, stølmål og støypte tinnknappar. Han reiste rundt på bygdene og selde produkta sine, og såleis fekk han tilnamnet "Hekt-Ola-Sivert".

Sivert Ramsli sine foreldre, Ole Sivertson (1800-1879) frå Garden i Vågå gift med Inger Eliasdotter Holten (1801-1884), budde på husmannsplassen Kvernhushaugen/Røtå som var ein plass under Dalen. Dei hadde seks born, og Sivert var den yngste av dei. Når dei vart gamle, flytta dei til sonen Hekt-Ola-Sivert på Sivertplassen bortanfor Myrebusleitet.

Hekt-Ola-Sivert vart gift med Marit Jonsdotter Tjelde frå Kvamplassen i Nesset.

Ekteparet drog på handelsreiser rundt på Nordmøre og delvis i Romsdal. Ein kramkar gjekk frå gard til gard med varene sine. Varene hadde han som regel med seg i ei stor eske eller skreppe. Sivert brukte å ha varene sine i eit blått skrin som han bar på ryggen og eit raudt skrin med handtak i som han hadde i eine handa. Det raude skrinet vart øydelagt i ein brann på Fostervoll, blir det fortalt.

I det vesle rommet i skrinet hadde Sivert knappar, nåler, tråd, såpe og pyntespenner. Dei vandra frå bygd til bygd, prata, selde litt pyntesaker og praktiske småting. Det var faste gardar der dei bruka å få kost og fri overnatting. Det vert sagt at Marit og Sivert ikkje overnatta på same gard når dei drog rundt. Dei rekna kvarandre som konkurrentar.

Marit og Sivert fekk 3 born, men berre den eine sonen deira, Ingvald, fekk leve opp.

Sivert og Marit var begge to småe av vokster, grovbygde, luta litt framover og hadde eit barskt andletsuttrykk. Sivert hadde ein ekstra bikk på eine beinet når han gjekk, men det var ikkje så mykje at det kunne kallast for halting. Marit røykte tobakk, "Karva Blad", av ei krokpipe og dette var med på å gje henne eit litt ekstra barskt uttrykk.

Kramkarane var ofte litt annleis enn folk flest. Dei var nøydde til å vere litt freidigare og modigare enn folk flest – for å kome i kontakt med folke og å få selt varene sine. Sivert og Marit var kjende for at dei var litt grove i praten og, dei kalla kvarandre tosk og tulling og det som verre var. Det rekna dei som eit "godsnakk" seg i mellom. Når dei gjekk langs vegen snakka dei med seg sjølve, ho kom først og eit lite stykke etterpå kom han. Han hadde ei litt hes stemme, medan stemma hennar var klår.

Share to