• Photo: Ragnar Orten Lie (Opphavsrett)
  • Photo: Ragnar Orten Lie (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Smølens kobberverk

Bergverksdrift på Smøla

Starten for bergverksdrifta på Smøla kom under Kristian IV, som i 1647 bad lensherren i Trondheim om å undersøke eit funn av sølverts på Smøla. I 1715 finn ein førekomstar av jern. Funna av jarnårene avtok fort i berget, men ein støytte på koparmalm.

I 1720 ble Nils Josten eineeigar av Smølens kobberverk. Josten hadde gode kontaktar helt til topps i samfunnet. Frå vennen zahlkasserer Paul Weibye, som hadde det øvste ansvaret for den norske statskassen, lånte han 50 000 riksdalar. Weibye hadde ein uortodoks embetspraksis og lånte villig ut pengar frå statskassa til trengande forretningsvener.

Jappetid

Den engelske marknaden var i 1720 inne i ein hektisk spekulasjonsperiode, seinare kjent som »the South Sea Bubble». Nils Josten vurderte å selje 3/4 av koparverket på den engelske marknaden for 30 000 £. (omlag 72 millionar kroner etter dagens verdi). Frå London vart Thomas Cabel send til Smøla for å undersøke funna og han rapporterte optimistisk tilbake: "Den er sannelig den rikeste og største kobberåre i verden. ..Ja, det er forunderlig at betenke, hvor overflødig rik Smølen var på kobbermalm. Jeg forsikrer på, at 500 mann i 500 år ikke kan grave den ut.» Rapporten gjorde at Josten venta med salet, ei vurdering han måtte betale ein høg pris for.

Mangel på ved

Gruvedrifta på Smøla var eit vanskeleg føretak. Hovudproblemet var tilgangen på setteved og anna trevirke. Det var ikkje skog på Smøla. I tillegg til bygningsmateriale trong ein mengder med ved til oppvarming av berget, oppvarminga gjorde at berget sprakk og malmen kunne brytast ut. Ved og kol trong ein og til »røstinga», smier og smelteomnane. For å løyse problemet med mangelen på trevirke, dreiv Josten med drift etter ein ny engelsk metode med bruk av importert steinkol. Dette er første gang steinkol vert nemnt brukt i Noreg og koparverket var på dette punktet vel 50 - 100 år føre si tid.

Verket hadde i 1721 heile 47 personar i arbeid i gruvene og smiene. Men nå begynte kontantbeholdninga å minske, og mistanken om at malmfunna var mindre enn antatt, sneik seg inn. Det blei sendt ut folk for å skjerpe på hele Smøla. Sannsynlegvis er dagbrotet frå denne perioden.

Kassamangel og konkurs

I 1722 vart kassamangelen hos zahlkasserer Paul Weibye kjent og Josten blei arrestert for gjeld til statskassa og slått konkurs. 1723 var det siste driftsåret, og Møre og Romsdals første industrieventyr var over. Josten sjølv døydde i gjeldsfengsel i 1729.

Share to