• Photo: Foto: Ingvild Ruland, Nordmøre museums bildesamling. (Opphavsrett)

Historier om Hekt-Ola-Sivert og Sivert-Marit

På folkemunne fins det mange gode historier om Marit og Sivert Ramsli.

Hekt-Ola-Sivert var ofte på fisketurar opp til Fiskvatnet. Han lika seg godt ute i naturen, og han hadde sin eigen bålplass under ein hellar, Sivert-gruvå. Han var der ofte for å prøve fiskelukka. Sivert hadde to "bankar" oppe på vegen til Fiskvatnet. Der la han frå seg koparpengar og påstod at dei vaks og renta seg. Det var mellom nokre store steinar denne banken var. Ein eldre kar som var med på fisketur til Fiskvatnet fekk sjå at Sivert kasta frå seg koparpengar bort i denne banken, og braut ut: "Eg har sett mykje tull i mitt liv, men dette er det verste eg har sett." "Ha, du hayrt slekt da menneskje,- det e, da bank, og pengan" renta seg kan du skjønn"" svara Sivert.

Ein dag møtte presten og ein kommunal tenestemann Sivert i nærleiken av kyrkja. Presten fekk samtalen inn på bibelske ting og spørsmål til Sivert og han svara på alt. Frå Sivert kom det eine bibelverset etter det andre og han spurde presten kor dette stod i Bibelen. Presten kunne ikkje svare på dette, og Sivert hadde oppnådd det han ville og fortalde at første verset han siterte stod der og det andre verset stod der og så vidare. Så gjekk alle tre inn i kyrkja for å kontrollere om Sivert hadde rett. Etter å ha funne ut at Sivert hadde rett i alt, sa presten: "Du kunne nok ha vore noko heilt anna enn kramkar du Sivert". "Ja", svara Sivert, "e" kunna godt ha vore biskop e, - men det e" nok meir enn du nokon gong kan bli" – la han til.

Ein gong Sivert var ute på handelsreise kom han til ein stad han ikkje hadde vore før. Det lei mot kveld og han møtte gardeigaren ute i tunet. Sivert spurde straks om losji for natta. Kleda til Sivert var litt sjuskete, og eigaren svara at han var lite lysten på å sleppe slike som rak etter vegen inn. Sivert tok dette heilt roleg og svara slik: "Du har nok ikkje lese det som står i Jakobi 2 du da, når du svarar meg slik" (Jakobs brev 2. kapitel). Sivert tok til å sitere ordrett frå dette kapitlet i Bibelen som handlar om at dei truande ikkje skal gjera skilnad på fattig og rik, men vise kjærleik mot alle og vandre etter Herrens bod. Sivert fekk overnatting, og fekk beskjed om å kome att neste gong han var på dei traktene.

Sivert var ofte i kyrkje og han hadde ein fast plass der, så nær preikestolen som råd. Den dag i dag kallar ein denne plassen for "Sivertlemmen". Dersom nokon kom til kyrkje før han, og hadde tatt plassen "hans", skubba Sivert dei nådelaust til side slik at han kunne få plassen sin.

Kremmarvarer sine skaffa han seg frå Biri-Jensen, Herlofsen og Hveding i Kristiansund eller hos firma i Molde. Det kunne vere varer som sytråd, lintråd, synåler, knappenåler, strikk, blonder, skrivepapir, såpe og liknande. Han reiste som oftast åleine med dampen til Kristiansund. Han betalte ofte billetten med å underhalde mannskap og passasjerar med visesong og morosame historier. Ein gong Ingvald og Marit med skulle vere med til byen gjekk Sivert bort til kaptein Musæus og spurde om det var slik at det gjekk på ein billett alt han kunne bera med seg om bord. Han fekk bekrefta at slik var reglane. Sivert tok då Marit på ryggen, Ingvald under den eine arma og skrina i den andre og gjekk om bord, til stor jubel for dei som såg på.

Sivert var særs interessert i all lærdom. Då Knut Reitan kom heim frå Amerika, kom han på besøk for å lære mest mogeleg av engelske gloser. Seinare fekk han ei lærebok "100 timar i engelsk", og lærte seg såleis nokre ord og vendingar. Desse orda bruka han for å markere seg som den som visste mest. Men det var ikkje alle gonger han hadde forstått kva det var han hadde lært. Ei historie fortel at ein gong det var fleire fiskarar oppe ved Fiskvatnet gjekk Sivert tom for meitemark. Han nytta seg da av engelsken sin og ropa til dei andre: "Have you field?"

Ei historie om Sivert var frå den tida han trefte Marit. Ho tente på Averøya, og ein gong han var på handelstur der vart han kjent med ho. Marit var like taletrengt og skarp i replikken som han sjølv. Han somla så lenge på garden ho tente, at han vart nøydd til å overnatte der den natta. Det vert også fortalt at Sivert var i tvil om han skulle fri til Marit eller søstera ho Brit. Han fann ut at han skulle spørje dei underjordiske til råds i denne viktige saka. Han gjekk derfor opp til ein stad som han visste at dei svara, ropa til dei underjordiske: "Ska" e" ta" ho Brit, hell" ska" e" ta" ho Marit?" "Marit" svara fjellet, og slik vart det.

Ei anna historie om Sivert gjekk føre seg i slåttonna. Sivert verka som om han var i dårleg humør og sette seg ned for seg sjølv. Marit gjekk bort til han og spurde kva han tenkte på. Sivert svara at han tenkte på ikkje-noko. Marit ropa ut, på sin vanlege måte: "No ska" di få hør" kva eg har å dragast med. Han Sivert vil få me" te" å tru at han sit og tenkjer på ikkje-noko". Da kom det frå Sivert: "E" sett å tenkje på medgifta di – å de va" ikkje-noko".

Share to