• Photo: Atle Ove Martinussen (Opphavsrett)
  • Photo: Margun Farestveit (Opphavsrett)

Otterstad

Elveflaum

Like før jul 1743 hende det noko som fekk stor innverknad på Otterstad og Mogarden. Dette året kom det ein svær elveflaum som reiv bort eit smalt eide av grus ute ved Mostraumen. Sjøen rann inn i det som tidlegare var Movatnet, slik at dette vart til Mofjorden. Strandlinja i det tidlegare Movatnet vart liggjande lågare enn før, og Mogarden fekk nye bøar ut mot fjorden; «Nerebøen». 

Share to