• Photo: Signe Witsø
    (Copyright)
  • Photo: Signe Witsø
    (Copyright)
  • Photo: Signe Witsø
    (Copyright)
  • Photo: Signe Witsø
    (Copyright)
  • Photo: Signe Witsø
    (Copyright)
  • Photo: Signe Witsø
    (Copyright)

Gamlevegen Valeberg - Vikane

Gamlevegen Kaupanger - Sogndal

Kaupanger har opp gjennom tidene på sett og vis lege med ryggen til Sogndal. Fram til 1848 var det ikkje ein gong kjerreveg mellom dei to sokna. Samferdsla gjekk over skogen, ned i Eidet og vidare med robåt til Sogndal.

I 1838 var den fine steinbrua over Kaupangerelva ferdig – den hadde kosta 180 kroner! Vegen vidare mellom Kaupanger og Loftesnes blei rodelagt bygdeveg frå 1848, det vil seie at kvart gardsbruk hadde sin faste rode som skulle haldast i orden og grusast. På Loftesnes stod ferjemann ”Jo” (Jon Olson Loftesnes), klar med båten sin. Han hadde jobben som fast ferjemann (etter svigerfar sin) med ei årsløn på 40 kroner, men då måtte han sjølv halde båt. Ferjetaksten var 7 øre, og det kunne være nok. Han meinte så, amlingen som kom gående til Sundet nett då taksten var auka til 10 øre. Då fekk det heller være, sa han, snudde beint om og gjekk den lange vegen haimatt!
Døtrene til Jo måtte ta mange tak ved årene, men i 1938 kom endeleg ei bilferje over sundet. Ho var motordreven og gjekk langs ein wire. I 1958 kom så Loftesnesbrua, og heilt fram til 1965 sat døtrene til Jo i billetthuset og tok imot bompengane.

Nyevegen mellom Songdal og Kaupanger vart opna i 1938, men gamlevegen vart først nedlagt etter krigen.
Langsetter gamlevegen går den gamle telegraflinja mellom Sogndal og Lærdal frå 1896. Stolpane er fleire stader sette fast i høge, frittståande stolpefeste av oppmurt stein.

Gamlevegen mellom Kjørnes og Kaupanger er om lag 6,5 kilometer lang. Vegen er tydeleg merka og lett å gå.

Langebakken:

I dette området av Gamlevegen veks det mange ulike artar, men vi vil først og fremst sjå nærare på nokre bregner: Skogburkne, Ormetelg, Hengeveng, Fugletelg og Einstape.

Varpet:

Her kastar berget seg bratt utfor, og namnet Varpet tyder nettopp kastet. Eit fint utsiktpunkt, men det er tryggast å halde god avstand til kanten, og elles halde ei god hand i småfolk.
Mjølbær, Tytebær, Stormarimjelle og Kattefot.

Migandegrovi:

Ei skolgrov med mykje vatn vår og haust, men er turr om sommaren. Bøndene som hadde bruksrett, brukte allmenningen aktivt før i tida. Kvar vinter hogg dei tømmer som dei løypte ned til sjøen, og dei brukte grovi som tømmerløype. Her var det meir ope terreng, og isen om vinteren gjorde også løypinga enklare. Over gamlevegen var det sett opp ei renne som skulle leie tømmeret over vegen, såleis hindre at det kilte seg i stikkrenna under vegen. Framleis er her restar etter denne tømmerrenna – ein kan sjå både stolperestar og boltar.
Berberis, Krossved, Blåknapp og Knollerteknapp.

Hernes:

Ei herd (skulder) som går nedover fjellet og ut som eit nes i fjorden. Eit fint utsiktspunkt.
Fuglevikke, Jonsakkoll, Vårmarihand, Linnea, Legeveronika, Skogfiol og Tepperot.
 

Vikane

Etter Hernes går ein gjennom grinda med lodd, og ein er komen til Vikane. Her står og maken infoskilt som oppe på Valeberg. Vikane er ei perle i Sogndal, fin badestrand for store og små.

1 comment

  • Fin artikkel! Her kan det vera fint å gå tur!

Share to