• Photo: Erik Kvalheim (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Erik Kvalheim (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Etne kommune

Både Etne og Skånevik høyrer til den eldste generasjonen prestegjeld i distriktet. Skipreida Etne var identisk med prestegjeldet, medan Skånevik skipreide også femnde om gardane aust på Halsnøy. Ein gammal tradisjon vart såleis broten då Skånevik vart ein del av Etne prestegjeld på 1980-talet.

Jordbruksbygda Etne

Etne er ei av dei grøderike jordbruksbygdene på Vestlandet. Heilt frå bronsealderen har gode gardar gjeve velstand og makt, og på overgangen frå vikingtid til mellomalder kjem den mektige Gjerdeætta gradvis inn i rikspolitikken.

Frå gammalt av har det vore tre hovudgardar i Etne: Grindheim, Stødle og Gjerde. Både Stødle og Gjerde var truleg hovdingsete i vikingtida.

Kristne samlingsstader og kyrkjesokn

I tidleg kristen tid, kring år 1000, har bygdefolket hatt samlingsstader før kyrkjene vart bygde. Steinkrossen ved Grindheim kyrkje har truleg stått på ein slik samlingsstad. Namnet «Krossbakken» like ved kyrkja kan vera eit vitnemål om det. Til Grindheim sokn høyrde gardane i Stordalen og Litledalen, medan fjordgardane høyrde til Gjerde sokn. På begge desse gardane vart det bygd stavkyrkjer, kanskje alt på 1000-talet.

Konge- og kyrkjemakt

Gjerde har truleg vore kongsgard eller krongods. Då Erling Skakke, som sat på storgarden Stødle, hadde fått kyrkja si hjelp til å krona sonen Magnus til konge (1163), grunnla han Halsnøy kloster, og garden Gjerde vart då gjeven til klosteret. Dei første stavkyrkjene som vart bygde på Gjerde og Grindheim, vart vølte fleire gonger gjennom hundreåra, før dei vart erstatta av tømmerkyrkjer på 1600-talet. Erling Skakke bygde ei privat steinkyrkje på Stødle, og denne kyrkja står i dag.

Framleis er Etne ei jordbruksbygd, og fornminnebygda Etne er mellom dei mest innhaldsrike i landet.

Stadnamn i Etne

Etne er truleg ei avleiing av eldre etja «eggja, driva fram», opphavleg brukt om Etneelva og seinare Etnepollen. Same rot har Atna i Østerdalen og Etna i Valdres. Frette kan innehalda eit eldre elvenamn med tydinga «spurning, å fretta», i samband med at dei har teke varsel av elvevatnet. Sisteleddet er ei forkorting av vin «naturleg eng». Støle går attende på eit eldre stuðill «støtte», truleg om terrassar i terrenget. Fjøsna kan mogeleg setjast i samband med gno. fauskr «roten ved». Ebna inneheld ordet emne, som Breievne i Strandebarm. Skånevik, skrive Skodinar vikr ca. 1360, har same opphavsfom som Skøyen i Oslo, av ei uforklart stamme Skað-. Kyrping er mest truleg ei avleiing av kurp, sideform til knurp «knute». Sæbø, tyder rett fram; «garden ved sjøen».

Share to