Den siste bekkekverna

Murane vi ser nede i fossen, er restane etter Nedre Folkestad kvern - den siste bekkekverna i Bø.

Kor lenge desse murane har stått her, veit vi ikkje, men Nedre Folkestad kvern er nemnt i offentlege opplistingar frå 1723 og 1819.

Det store arbeidet som er lagt ned i dei imponerande
murane fortel at dette var ei kvern som mol korn for mange gardar og truleg i konkurranse med dei større møllene i Bøelva og Hørteelva.

Etter det Gregar Nordbø (1866–1944) fortel, var dette
den siste bekkekverna som var i bruk i Bø:

”Den siste heimekverna som sto igjen, og var i bruk
nede i bygden, var nedre Folkestad kvern som sto ute
på stupet hvor Hellebekk styrter ned mot Helosplassen.
Forfatteren mindes dette lille saa eventyrlig plasserede
kvernhus.”

 

Share to