• Photo: Bjørn Arve Lunde (Opphavsrett)
  • Photo: ukjend (Opphavsrett)
  • Photo: ukjend (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Fartein Valens minne

Dette skriv komponisten Harald Sæverud i Bergens Tidende i januar 1931. På denne tida hadde Valen, gjennom årelangt målmedvite arbeid, skapt sin heilt personlege musikkstil og gjort han til ein reiskap for dei kunstnarlege intensjonane han hadde. Valen visste at han ikkje kunne finna si eiga form ved å skriva i tradisjonell stil. Han vart ein banebrytar innanfor musikken, og måtte tola mykje kritikk. Sjølv om han tok seg nær av kritikken, rokka den ikkje ved trua hans på eigen kunst.

Mellom dei mest kjende arbeida hans står orkesterverket «Stillhetens Ø», «Fire klaverstykker», «Konsert for fiolin og orkester» og «Symfoni nr. 3» frå 1946.

Filologi, språk og musikk

Fartein Valen (1887-1952) vart fødd i Stavanger. Far hans var misjonsprest, og familien budde på Madagaskar til Fartein var sju år. Då kom dei til Stavanger, der han tok artium med toppkarakter i 1906. Valen drog så til Kristiania for å studera filologi. Samstundes tok han undervisning i komposisjon. Han hadde stor språkgjevnad, og meistra etter kvart ni språk. Men det var musikken han sette høgast. I 1909 drog Valen til Berlin for å studera ved musikkhøgskulen. Sjølv om han fann skulen lite inspirerande, hadde Berlin mykje spanande å by på for ein ung komponist, og han vart buande der i fire år.

Særeige tonespråk

Etter dette budde Valen på familiegarden i Valevåg fram til 1923. Då flytta han til Oslo, der han vart inspektør ved Norsk Musikksamling. Han hadde kortare utanlandsopphald i Paris, Italia og på Mallorca i denne tida. Særleg Mallorca fekk mykje å seia for han. I Oslo fekk Valen framført ein del av verka sine, men tonespråket hans gjorde han omstridd i ei tid med aukande interesse for norsk folkemusikk.

Heim til Valevåg

I 1938 flytte Valen attende til Valevåg, der han budde resten av livet saman med syster si Sigrid. Han fekk komponistgasje, og dette opplevde han som ei stor ære. I Valevåg fekk han den roa han trong til å komponera, lesa og dyrka rosene sine. Valen var djupt religiøs, og saman med kunsten og naturen var dette den viktigaste inspirasjonskjelda hans. At han aldri tvilte på det han stod for, har òg gjeve minnet om han ein ekstra dimensjon.

«Kirkegården ved havet»

«Kirkegården ved havet» op. 20, er blant dei mest kjende verka til Fartein Valen. Han fekk ideen til stykket under eit opphald på Mallorca i 1933. I den spanske avisa El Sol las han ei omsetjing av diktet Le Cimetière Marin, skriven av franskmannen Paul Valéry.

Avisa kalla dette diktet eit meisterverk i «nutidens og alle tiders diktning» ... som «gir uttrykk for tilværelsens uforanderlighet og livets flyktighet, en meditasjon ved havets bredd på kirkegården i Cette».

Diktet gjorde inntrykk på Valen. I 1947 skreiv han i eit programhefte: «Dette brakte tanken på en annen kirkegård hjemme i Norge, en gammel nedlagt kolerakirkegård like ved sjøen på Vestlandet hvor jeg bor. Musikken følger ikke diktet programmatisk, men søker bare å gi uttrykk for de følelser som vekkes overalt, når mennesket stilles overfor dødens makt».

Kyrkjegarden som Valen hadde i tankane, ligg i utmarka ved Leirvåg, i nærleiken av Valevåg. Den er ein av mange slike kyrkjegardar i Hordaland. Kyrkjegarden ved Leirvåg vart vigsla i 1849 av presten Claus N. H. Daae.

Valen fullførte verket i 1934, og det vart uroppført 16. november same år i Oslo. Verket fekk blanda mottaking i pressa, men dette var Valen godt van med på denne tida. «Fyll programmet med slike moderniteter, og Filharmoniskes tilhørerskare vil skrumpe enda sterkere inn», skreiv Nationen, medan Norges Handels og Sjøfartstidende meinte at «med Le Cimetière Marin synes Valen å ha skap et av de skjønneste og nobleste verk som er frembrakt i de siste år i noe land».

Kultursenter

I dag vert komponistheimen brukt av Sveio kommune til eit mangfald av kulturaktivitetar, mellom anna konsertar og føredrag. Det er også råd å få omvisning her. Huset er godt teke vare på og inneheld i dag ein museumsdel og ein bustaddel. Valen sitt eige piano er restaurert og er ofte i bruk. Det er elles planar om å byggja eit kunstnarhus i nær tilknyting til Fartein Valen sitt hus.

Fartein Valen er gravlagd på Valen kyrkjegard. Her er det også reist ein minnestein over komponisten.

Share to