• Photo: Signe Elisabeth Nygaard (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Hausken (Opphavsrett)
  • Photo: Riksantikvaren (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Ryvarden

Ryvarden ligg på den gamle grensa mellom Rogaland og Hordaland, litt nord for grensa i dag. Det ligg nær å setja førsteleddet i samband med Ryfylke, der folkenamnet rygir (gno.), truleg av «rugdyrkarane», ligg til grunn. Men denne tolkinga er uviss. Namnet har òg vore sett i samband med «grenseline».

Fyrlykt ved varden

I 1849 bestemte Fyrdirektoratet at det skulle byggjast eit fyr på Ryvarden. Fyret, ei lita tømra stove, 2,6 m i firkant, med fyrapparat i ei vegglykt, vart plassert tett ved den gamle varden. Her var det storslått utsyn utover Sletta og Bømlafjorden. Fyret skulle vera tent i tida for vårsildfisket, frå 21. desember til 1. mars, men det kom snart krav frå dei sjøfarande om lengre brennetid for fyret. Alt frå 1852 vart perioden lengd til 9 1/2 månad, frå 15. juli til 1. mai.

Fyrtårn

Utover 1800-talet vart det gjort fleire utbetringar her ute. I 1861 vart det sett opp ein ny og større bygning. Den gamle varden vart fjerna, til stor indignasjon for fyrdirektør Diriks.

I 1935 vart det bygd eit 6 meter høgt tårn og installert tåkesignal på fyret. Den siste store moderniseringa kom i 1958. Det vart lagt fram elektrisitet og bygt nytt bustadhus. Ein fyrmeister og to fyrbetjentar budde og arbeidde her ute. Bustadhuset frå 1861 vart rive ned. Først på 70-talet kom det kjøreveg frå Mølstrevåg ut til fyret, men 14 år seinare, i 1984, måtte folk reisa frå Ryvarden. Då vart fyret automatisert.

Ryvarden kulturfyr 

Etter at fyret vart automatisert og fråflytta, har dei gamle bygningane fått nytt liv som kultursenter. Sveio kommune inngjekk avtale med Kystverket om leige av bygningane til samfunnsmessige formål. I 1992 opna Galleri Ryvarden i den gamle nyoppussa fyrbetjentbustaden. Her er det både kafé og galleri, og i løa kan besøkjande få oppleva historia om Ramna-Floke. I den nyoppussa fyrmeisterbustaden er laga til overnattingsplass.

Ryvarden kulturfyr blei snart eit svært populært besøksmål og har fleire titusen gjestar kvart år. I år 2000 vart Ryvarden kulturfyr tildelt ”Olavsrosa” av Norsk Kulturarv. 
 

Share to