• Photo: Arild Sætre (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)

Steinsland - garden øvst i Modalen

Om hausten og våren, medan isen var utrygg, følgde dei ein sti i den bratte fjellsida på vestsida av vatnet, der issvell og snøskred gjorde det til ei farefull ferd.

Fjellgard

Steinsland ligg på kring 120 meter over havet, men har alltid vorte rekna som ein fjellgard. Funn av eit sverd frå vikingtid tyder på at folk slo seg til her seinast i løpet av yngre jernalder. Etter svartedauden midt på 1300-talet låg garden øyde fram til slutten av 1500-talet. Biskopen i Bergen eigde Steinsland i mellomalderen, medan kongen overtok eigedomsretten som følgje av reformasjonen i 1537. Ved krongodssala i første del av 1660-åra kom Steinsland på private hender. Eigarane var lenge velståande personar i Bergen, men i 1764 fekk dei tre leiglendingane kjøpa bruka sine.
 

Flaum og skred

Sterke naturkrefter prega tilværet på Steinsland, noko som mellom anna har medført at både tun og innmark er blitt flytta. Frå Norddalen og Stølsdalen kjem det elvar som renn saman på Steinsland. Dei gjekk stride i snøsmeltinga. Det er mogeleg at den eldste gardsbusetjinga var på austsida av elva, men at folk flytta over på andre sida etter at det voldsomme steinskredet frå Gavlen laga Geitura. Hausten 1743 kom ein ofseleg flaum som tok med seg det meste av den dyrka jorda og skapte ei rekkje holmar i elva. Etter dette fekk garden redusert landskyld. Dei største holmane blei skifta mellom brukarane. Holmaslåtten kunne først ta til i slutten av august etter at vasstanden i elva gjekk ned. Ein del av husa i det gamle fellestunet vart tekne av snøskred i 1857.
 

Ny tunstruktur

Etter at utskiftinga av innmark var ferdig i 1949, flytta bruk nr. 5 (Noreluten) ut til nytt tun på Byrkhaugen, medan bruk nr. 1 (Myraluten) og nr. 3 (Bergeluten) vart verande att i fellestunet. Bruk nr. 2, Heimdal, hadde alt frå utskiljinga i 1888 eigen tunstad og innmark lengst nord på Steinsland. Våningshuset på bruk nr. 3, som vart fråflytta i 1986, er samansett av to delar med ulik alder. Materialane vitnar om gamle byggjeteknikkar og indikerer at dei eldste delane av huset kan gå attende til 1600-talet. Eit privat restaureringsprosjekt for å ta vare på huset er igangsett.
 

Store utmarksressursar

Utmarksressursar var svært viktige for folka på Steinsland. Dyregraver i fjellområda fortel om gamle jaktmetodar, og her er mange gode fiskevatn. I første del av 1900-talet hadde kvar av dei fire bruka om lag 14 markaslåttar. Vanlegvis var det løe til kvar slått. Desse er no ramla ned, men ein kan framleis sjå spor etter mange av dei. Her var mykje lauvskog som kunne nyttast til ved og ei rekkje andre ting, til dømes til rivetindar (hegg), vidjeband (hassel), fargestoff og kol til ljåsliping (older) og fôr og menneskemat (almebork). Engslåtten på innmarka var beskjeden. I siste del av mai og i juni beitte husdyra vekselvis i Heimahagen og Heimrestølen i Stølsdalen. Frå Heimrestølen kunne budeiene gå til gards kvar dag. I byrjinga av juli flytta ein vidare til Instestølen (Steinslandsstølen). Han låg kring 550 meter over havet. Rundt 1900 vart det sett opp nye stølshus for kvart bruk. Budeiene gjekk heim 1-2 gonger i veka med smør og ost. Turen tok ca. 3 ½ time. Før barsok (24. august) måtte både dyr og menneske dra frå stølen, for då trudde ein at huldrefolka flytta inn.
 

Fråflytta

Steinslandsstølen vart sett under vatn som følgje av kraftutbygginga i 1970-åra. Sauer frå delar av Nordhordland går framleis på sommarbeite i Stølsheimen. Garden Steinsland er fråflytta, men innmarka blir slått av andre bønder i Modalen.
 

Share to