• Photo: Heidi Albertinesdatter Haugene (Opphavsrett)
  • Photo: Espen Finnstad (Opphavsrett)

Skolest frå Godøy

Skomakaryrket er eit av de eldste og viktigaste handverka, og dei eldste funna av fotty er om lag 10 000 år gamle. Ca 6 000 år gamle helleristningar frå Alta, viser bl. a sko som vart festa med fleire reimar rundt okla. Blad, bork, og etter kvart, dyreskinn vart surra på føtene. Egypterane sine faraoar bruka sko av fletta papyrus og i Tut-Ankh-Amons 3300 år gamle grav vart det funne kalveskinnssandalar. Noregs eldste skofunn er ein skinnsko 100 år eldre enn Tut-Ankh-Amons! Kinesarane laga fotty av både ty, tre og skinn, medan dei meir avanserte sivilisasjonane som egyptarane, assyrarane og babylonarane fann opp sandalar.
Grekarane og romane hadde også sandalar av lær, men vinnaren av den første Olympiske 5000 m i 776 f. kr. sprang barbeint. Ein vase i Vatikanet frå 480 f. kr. derimot, vitnar om dei første kvinnelege atletane med sko. Og den greske sigersgudinna Nike har som kjent gjeve namn til ein av verdas største sportsskofabrikantar.
Keisar Calligula hadde namnet sitt frå dei første piggskoa: Caliga, og det var under romartida at skomakeri for alvor vart sett på som noko magisk og vart knytt til religion. Sko gjorde ugjestmilde underlag lettare å trø på, og menneska såg på slike eigenskapar som overnaturlege.
På 1200 - talet var skomakarane ei dominerande yrkesgruppe. Dei gjorde heile prosessen frå å garva skinnet, sy sko og støvlar og halde kontakten med kundane. Handverkarane hadde Laug allereie frå mellomalderen og fram til 1870 - talet da fabrikkane tok over produksjonen. Etter dette vart det skomakarforretningar i byane, og i 1908 vart Norges Skomakermester- forbund oppretta.
Til alle tider har skomakarar vorte haldne for å ha magiske kvalitetar, og mange legender og historier har dukka opp rundt skoen sin mirakuløse eigenskapar. Tenk berre på Merkurs ”bevingede” sandaler, katten med støvlane, sjumilsstøvlar og Askepotts glassko. For ikkje å snakka om hesteskoen sine lukkebringande eigenskapar. (I den eldste versjonen vi kjenner om Askepott, tek ho på seg sko av gulltråd!)

”Sko er som små båter; de bærer vår identitet, vekten av våre opplevelser, minner og spor av tidens gang”
Gammelt Kinesisk ordspråk.
”You are either in bed or in your shoes, so it pays to invest in both”
Shoemaker Mr. John Wildsmith fra Wildsmith & Co London

 

Share to