• Photo: Jermund Rekkedal (Opphavsrett)
  • Photo: Steinar Slagnes (Opphavsrett)
  • Photo: Jermund Rekkedal (Opphavsrett)
  • Photo: Jermund Rekkedal (Opphavsrett)
  • Photo: Jermund Rekkedal (Opphavsrett)

Eit kross til undring

” Da kirken skulde byggest kunde ingen faa reist den, før St. Jetmund paatok sig arbeidet. Han kom reisende fra Nordfjord over Aahjemsdalen; kommet frem til det sted som fremdeles kaldes ”Jetmundsleitet” fik han se den fagre Aahjemsgrend, hvor kirken skulle bygges. Han fald her straks paa knæ, bad Gud om bistand i arbeidet og la sig til at sove. Skikken var nemlig i hine tider at den som skulle bygge, først maatte sove paa vedkommende sted, blev det en rolig søvn varslet det held i arbeidet. St Jetmund, som hadde en rolig søvn, gikk straks i gang med arbeidet og fikk reist kirken. Han ble derfor gjort til dens helgen” (1)

St. Jetmund er identisk med helgenen St. Edmund som døydde som martyr omkring år 900, drepen av danske vikingar. Berre ca 20 år seinare er St. Jetmund kanonisert til helgen.
Å tilegne ei kyrkje til ein helgen er ikkje vanleg å gjere i Noreg, dei fleste kyrkjene her i landet har stadnamn. Berre eit fåtal, under 20 kyrkjer har helgen namn i Noreg, dei fleste er sjølvsagt dedisert til St. Olav. Apostlane Markus, Johannes og Peter har fått sine kyrkjer. Då står vi ikkje igjen med mange, men ei av dei er altså St. Jetmund kyrkja i Vanylven. Kvifor er det slik? Berre dette er eit studie i seg sjølv.

Kyrkja

Så tilbake til St. Jetmund kyrkja. Kyrkja er ei lita langkyrkje som er mura opp av store rektangulære steinblokker. Byggteknikk, arkitektur og fagarbeid er garantert importert frå utlandet. Alle rundbogar vitnar om at kyrkja er i gammal romansk stil. Truleg kjem byggmateriale frå Larsnes der kalkspat var å finne også på den tida. I 1863 blei kyrkja riven, då soknet trengde ei kyrkje som var større og ein meinte at den burde ligge meir sentralt i soknet.

Steinkors på Vestlandet

For å nærme oss objektet kross er det viktig og understreke at Vestlandet har ein heilt unik status nar det gjeld gamle steinkors. Frå Jæren til Møre har vi over 60 reiste steinkors. Blant desse er det både høgkors og kyrkegardskors. Vi har angliske og keltiske steinkors som er helt klare i sin form, men de fleste er meir grovhogde og minner mest om det latinske. Denne konsentrasjonen av reiste steinkors er spesiell, ikkje berre i Noreg, men på heile det europeiske fastland. Biskop Fritjov Birkeli skriv at det er ein ”kjensgjerning at slike keltiske og angliske kors finnes verken i Sverige, Danmark, Tyskland eller Frankrike” (Birkeli 1995 s. 57 2) Kvifor er det slik: Sikkert er det at nordmenn var kjende med nord- og vesteuropeiske kystar frå tidlig på 700 talet. På slutten av dette århundre i 789 er det kjent at norske vikingar utførte blodsutgytelse i England. I 793 kommer det første kjente vikingangrep på det keltiske klosteret Lindisfarne. Turen gikk snart til moderklosteret Iona som ble plyndra i 795, og i 798 gikk det ut over Isle of Man. Sidan blei det fleire tokt i de keltiske områdene. Det kan virke som om angrepa var systematiske oppsøk av kloster og kyrker der store verdiar var lett tilgjengelige. I så fall var dei allereie kjent i området. Det er ikkje sikkert at dei berre tok med seg gods og gull som bytte, men muliges tok dei med seg munker og nonner som trellar. Mange av disse vikingane blei kristna i møte med dei annleis truande. ”Det er grunn til å tru at allereie Olav Kvite på 800 talet ble døpt.” (2 Birkeli 1995 s. 37).

St. Jetmundskorsen

Under restaureringa av kyrkja i 1937 fann ein ei marmorblokk med ein kross som er uthogd og innfelt i marmorblokka. Denne blokka er i dag plassert over utgangen i sørveggen. Kjelder meinar at krossen opphavleg skal hatt same funksjon i nordveggen på kyrkja. Plasseringa kan ha hatt ein kapitel eller religionsk funksjon. Kva kors er dette? Kva røter har denne krossen? I ein artikkel på internett blir krossen beskrive som eit Malteserkors. Malteserkrosset skal symbolisere dei åtte ridderlege dydene som kjem frå bergpreiken til Jesus. Det gjer ikkje denne krossen, likevel tør ikkje eg å avfeie denne teorien heilt.
Men for meg synest det klarare at dette er eit St. Georgskors. Legenda fortel at Georg redda ein by, ei jomfru eller ei prinsesse frå ein grusom drage. Fleire land og organisasjonar brukar St. Georgkrossen i sine logoar og symbol. St. Georg er blant anna skyttshelgen for England. Både krossfararane, speidarbevegelsen og frimurarordenen har Georgkrossen i sine logoar og flagg.

Resume

Kva er så grunnen til at vi finn eit slikt innhogg kors i St. Jetmundkyrkja? Kvifor finn vi ikkje slike kross i andre kyrkjer i Noreg. Kven bygde kyrkja, kan dette opphavleg vore ei krossfararkyrkje? Kven veit, ein artig og spennande teori synes eg i alle tilfelle det er.

Kjelder:

1) Hans Strøm: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Sødmør 1762
2) Biskop Fritjov Birkeli ”Oversikt over steinkors i Norge” 1973
3) Jacob Leiv Kroken: Gamle Vanylven Kyrkje 1997

http://sv.wikipedia.org/wiki/Sankt_G%C3%B6ran
http://www.stedmundsbury.gov.uk/sebc/visit/stedmund.cfm
http://www.norwaypost.no/content/view/20613/39/
 

10 comments

  • Unik kirke, og veldig stolt av den! Det at den er bygd i stein i det hele tatt...er ikke det også litt spesielt her i Norge? Kirken er intim og har en nydelig atmosfære!
  • Hmm, skal tru korleis den kyrkja er å spele i :)
  • Fantastisk akustikk spesielt for kor og kammermusikk. Fleire artistar har sagt at dei aldri har opplevd betre! Kyrkja er altfor lite brukt til slike ting, det må ein få gjort noko med..
  • St.Jetmund kyrkja skulle vore meir brukt til konsert- og songlokale. Eg veit ikkje kva soknerådet eller Riksantikvaren tenkjer, men eit akkustisk piano ville ha auka moglegheitene for meir bruk. Ein må då også ta høgde for driftsutgifter som stemming av pianoet! Stå på, Jermund - dette kan du få til!
  • Flott kyrkje med ei spennande og uklar fortid. Kan der vere ein nær samanheng mellom Selje Kloster, denne kyrkja og Herøy Kyrkje?
  • I samband med "Sunniva-festspela 2010" gjennomførte gruppa "Himmelblått" (der eg spelar kontrabass) to akkustiske konsertar fredag 03.september i St.Jetmund-kyrkja. Som musikar tykte eg at det var eit fantastisk lokale å spele i. Kjøp eit godt piano og arranger menge konsertar!
  • St. Jetmund satte opp denne kirken som kristen fra England. Norges kong Haakon Adelstensfostre kom også som kristen fra England til Norge. Historien forteller at kongen bodde på Møre, der han satte opp kirker og kristnet folket. Nytt kildemateriale i boken, Jomsvikingslaget i oppklarende lys, forteller at kong Haakon bodde på Raudøya ved Ørsta. På grunn av kristningen og primsigningen ble øya kalt Primsign Øe. Det er sannynlig at kongen fikk satt opp den første norske kirken på Ulvestad, - nå Lauvstad.
  • Sankt Jetmund kyrkja liknar veldig på Giske kyrkja i eksteriør. For meg ser det ut som krossen over sør-døra er opp-ned, kanskje har denne steinen vore ein del av eit større arbeide og ikkje meint slik den er brukt i dag.
  • Ein tilsvarande kross har vi i Gamle Aker kyrkje frå 1100-talet, kor han er plassert i sluttsteinen i bogen over søralteret.
  • Ifølge artikkelen er det ikke vanlig i Norge å tilegne en kirke til en helgen. Det er selvsagt riktig for tiden etter reformasjonen, men for middelalderen, da St. Jetmundskirken ble bygd, medfører det ikke riktighet. Kirker skulle tvert om tilegnes en helgen eller teologisk størrelse (som den hellige treenighet eller det hellige kors) i middelalderen. Det artikkelforfatteren trolig viser til her, er at det for veldig få av middelalderkirkene i Norge er kjent hvilken helgen eller teologisk størrelse kirken var viet til.

Share to