• (Opphavsrett)
  • Photo: LAG (Opphavsrett)

Hjortejakt i historia

Lat meg få sagt det med ein gong; eg som skriv dette er ingen jeger. Denne gongen har eg forlate sivilisasjonen, som eg vanlegvis prøver å skrive noko om, og gått ut i naturen. Å finne historiske kjelder om hjort og hjortejakt her på øyane viste seg ikkje å vere så enkelt. Derfor er denne framstillinga først og fremst basert på det lokale jegerar har fortalt meg. Eg ville vite meir om denne sky skapnaden, som lever så tett innpå oss, og som får enkelte til å vrake både hus og heim i nokre hektiske gustne jaktmånader.
 

Ingen veit nøyaktig kor mykje hjort som gøymer seg i skogane på Søre Sunnmøre. Ørsta og Volda har hatt hjort i uminnelege tider, men i nyare tid kom dei til øyane for om lag femti år sidan. Og dei ser ut til å like seg. Dei årlege vårteljingane fangar truleg opp ein tredjedel av bestanden. I så fall er bestanden på Hareidlandet tett oppunder 1000 dyr, det er ikkje så langt ifrå like mange som bur i Hjørungavåg.
 

Ei passande samanlikning sidan det var til denne delen av øya han kom først.
 

Den første hjorten vart skoten på Ulset i 1956 av Magne Ulset, og det var ei hending mange fekk med seg.
 

Sidan har det berre auka på, både her og andre stader. I 2008 vart det felt 35.689 hjortar, i landet totalt. Dette året var også det første då jegerane felte fleire hjortar enn elgar. Hjorten er med andre ord i ferd med å bli den nye elgen. Fram til om lag 1970 varierte talet på felte dyr i Hareid kommune mellom 6 og 25. I 2009 var talet 155. Auken har vore veldig, for i 1991 var det totale fellingstalet 10.990 i heile landet – og i 1955 truleg ein stad rundt 1.000.
 

Til øya for å gjere seg feit

For å kome seg ut på øyane må hjorten sjølvsagt ha lagt på sym. Hjorten er ein ypparleg symjar, og har ingen problem med å krysse fjordane våre. Men truleg gjer han det ikkje utan at det på ein eller annan måte kjennest nødvendig og forlokkande. Vi kan tenke oss at det har blitt trongt om plassen på fastlandssida (Vartdal), og så har han søkt seg til nye område – på den andre sida av fjorden.
 

Det er særleg dei såkalla spissbukkane som vågar seg ut på lengre vandringar. Når dei har blitt halvtanna år gamle, prøver dei å etablere eigne revir – og helst med god tilgang på mat og med færre konkurrentar. Dei første dyra ute på øyane må ha vore slike streifdyr. Den første hjorten som vart skoten i Herøy, så tidleg som i 1942, var kanskje ein slik spissbukk? Det blir sjølvsagt spekulasjonar.
 

Men for å skape ein populasjon trengst også hoer. Om dei ikkje var dei første til å fare ut på øyane, så vart dei nok temmeleg fort lokka dit.
Blant anna på grunn av stort beitepress i utmarka hadde øyane mykje mindre skog enn i dag. Dei hjortane som kom over frå fastlandet kan ha kome hit om sommaren og forsynt seg før dei symde tilbake til fastlandet og gøymde seg i skogane der om vinteren.
 

Men andre vart verande ute på øyane etter kvart som der vart meir skog.
 

Verd å merke seg er at statistikken ikkje fortel om skotne dyr i Ulstein før i 1968. Dette året vart det felt seks dyr, eit såpass høgt tal at vi kan rekne med at det alt hadde etablert seg ein god stamme. Men det har vore felt dyr i Ulstein før dette. Munnlege kjelder vil ha det til at den første hjorten på Flø vart felt i 1965. Dette stemmer ikkje heilt med dei offisielle statistikkane, som må sjåast som minimumsstatistikkar. Dei første hjorteobservasjonane skal ha vore ved fjellfoten på Ytreflø i 1963–64.
 

Alt kjem an på damene

Det er først når ei kolle - altså ein ho-hjort - etablerer seg i eit område, at det vert fart på sakene. Vi må tru at flokkar av koller og ungdyr først knytte seg til dei lune områda langs Vartdalsfjorden og til nærområda ved Ulset, Eiksund og Ringstaddalen. Kollene lever så og seie ein etasje lenger nede enn bukkane, og kjem ofte i flokk saman med ungdyra. Det er helst desse vi ser i skumringa på innmarkene. For jegerane er desse enklast å få has på – derfor er det viktig å vere atterhalden i jakta på dei.
 

Bukkane er verre å kome på skothald av. Dei er ikkje i same grad flokkdyr, og held seg mest for seg sjølve. Dei vandrar også meir oppe i høgda og er meir sky enn kollene. For å sikre seg mot å skyte uforholdsmessig mange koller er det foreslått å framskunde jakta på bukkane til august.
 

Bukkar på ytre og koller på indre?

Flø og Brandal skal, i følgje enkelte jegerar, ha særleg mange bukkar. Kan det vere at dei har ei drift ut mot havet, i håp om endå betre beiteområde og endå betre plassar? Kollene har ein større tendens til å halde seg i mora sitt nærområde, og likar seg best i rolege og trygge område når dei diar kalvane. Men heilt sikre er desse observasjonane ikkje.

Kvar vandrar han?

Sogn og Fjordane er det største hjortefylket i landet med eit fellingstal på 11.280 dyr i 2008. Til samanlikning vart det same året skote 10.244 dyr i Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane har hjorten også vore mest underlagt forskning. Merkingsprosjekt har fortalt ganske mykje om korleis han vandrar. Konklusjonen er at han kan flytte seg fleire mil, gjerne frå Sogn- og Nordfjord-områda og opp til Ørsta-området. I august-september dreg han til vinterbeitet.
 

Vi veit lite om korleis hjorten vandrar på Hareidlandet. Det har framleis ikkje vore sett i gang større merkingsprosjekt. Men observasjonar tyder på at han flyttar på seg i midten av september, og då søker seg både til fastlandet og lunare område på øya. Den stammen som lever på Hareidlandet, og som har øya som leveområde heile året, kan tenkast – dette blir helst synsing - å vandre mellom Bjåstad- Bigset-området, over Riksveg 61 (ikkje ufarleg for han) og ned i Ringstaddalen. Dette er eit sannsynleg lokalt trekk-mønster. Hareidsdalen er det største hjortevaldet i Hareid kommune.
 

Elles har vi observasjonar av hjort som sym både over Sulafjorden (ferga må til tider køyre i sik-sak, seier rykter) og mellom Dimnøya og Ulsteinvik-området – og til og med frå øyane lenger nord. Om dette er tilfeldige streifdyr eller eit faktisk trekkmønster står att å finne ut av.
 

Variert kosthald

Hjorten er svært tilpasningsdyktig i matvegen. Han er glad i lauvskog, særleg bjørk og edelgran – juletre, med andre ord. Andre likar best blåbær. Hjorten er forresten glad i å feie geviret mot edelgrana, noko edelgran-produsentane ikkje set så stor pris på.

Å vente og å rope på hjorten

Hjortejakta har endra seg mykje i løpet av desse femti åra.. Våpena har blitt betre, og vi har fått strenge krav om oppskyting. Før hadde ein ope sikte, som gjorde jegeren meir avhengig av lys enn ein er med dagens kikertsikte. Kikertsikta, som kom på midten av 60-talet, er så lysømfientlege at ein kan skyte hjort sjølv om natta, i måneskin.
 

Men jegerane har merka seg at hjorten synest å ha tilpassa seg dei nye våpena, slik at han dreg seg meir unna opne område enn før. Eller kan det vere ein del av forklaringa at her er meir folk som ferdast ute i marka – og at busetnaden har kome nærare? Eller rett og slett også, at vi har fått fleire jegerar.
 

Jaktmetodane går framleis ut på postering og sniking. Det vil seie at ein anten snik seg inn på dyret – eller ventar på post. Men jegeren må stå slik at vinden bles i ryggen på det møtande dyret. Viss ikkje får dyret teften av jegeren – og rømer.
 

Med åra har det vorte vanlegare med lokkejakt, det vil seie at jegeren etterliknar brølet til bukken, og dermed lokkar til seg både koller og nyfikne bukkar. Men ein må lære seg det rette brølet. I område med mykje hjort – som på Flø – er dette mindre vanleg. Her – og ein del andre stader - sit ein mest i jakthytte eller -tårn og ventar.
 

Det har i det heile blitt meir komfortabelt å drive jakt. Skota drønnar heller ikkje slik som før, og skræmer ikkje hjorten over alle haugar .
 

At jakta var vanskelegare før i tida kjem sjølvsagt også av at dyra var færre og våpen og utstyr dårlegare. Det tok lang tid å nærme seg hjorten, og jakta foregjekk oftare i utmarka.
 

Ein stille revolusjon

Klimaet har endra seg, og husdyrbeitinga i utmarka har minka. Dermed har hjorten fått meir skog å gøyme seg i. Auken i bestanden ute på øyane skjer i første rekke innan bestanden, det vil seie innan dei flokkane som er her heile året. Innvandring frå fastlandet synest å ha mindre å seie.

Konsekvensen av denne auken er fleire dyr å jakte på. Ein annan konsekvens er større beiteskadar. Enkelte stader kan dette vere eit stort innmarksproblem, men i utmarka har hjorten teke den plassen som enkelte av husdyra våre hadde før. Og sidan husdyrbeiting i utmarka har blitt minimalisert, er ikkje dette noko problem.
 

Det ser ut som om hjorten trivs godt på Hareidlandet. Så lenge her ikkje er rovdyr, må mennesket ha denne rolla – så bestanden ikkje blir altfor stor. Tenk på dette neste gong du køyrer bil i grålysinga.

2 comments

  • Hei

    Artikkelen inneheld mykje bra stoff. Dette er ikkje kritikk, men avsnittet om kolle-brøl (lokkejakt) bør skrivast om. Kolla brøler ikkje, men ho har forholdsvis svake kontaktlydar bl.a. med kalven. brølinga er det vaksne hanndyr som står for i brunsttida. Då kan det vere reine brølekonserten med mange deltakarar. Ta deg ein prat på telefon med Ove Jünge, Molde, så får du vite mykje om hjort, hjortejakt og brøling. Han har skote rundt 1500 hjortevilt (hjort,rådyr og elg) og er framleis aktiv jeger. Og jaktkamerat.

    Lykke til.

  • Takk for innspel. No skal artikkelen vere retta (-:

Share to