• Photo: Stein Inge Rem (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseth (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseth (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseth (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseth (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseth (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseth (Opphavsrett)

Budde folk her?

Raflåna

I den bratte nordsida mellom Fjørå og Tafjord i Norddal kommune er det ikkje lett å tenkje seg at folk kan bu. Det er særs bratt, med vanskeleg tilkomst, utan synleg slåttemark eller hamnegang. Her ligg dei farlegaste fjella i landet, og det var frå denne fjellsida Langhammaren losna i 1934 og laga Tafjordulykka. I desse fjellsidene er det då heller ingen som bur - i dag. Det blir likevel sagt at her låg ein gong eit lite plassbruk kalla Raflåna.
Denne staden ligg noko vest for Ytste Furneset, og høyrer under Nerhus som var klokkargard i 400 år. Namnet Raflåna må truleg skrive seg frå ein av dei første som rydda plassen, kanskje Ralf eller Raffael (Raffel), men noko sikkert om dette veit vi ikkje.


 Under Løberget


Rett ovafor inngangen til den lengste tunnelen til Tafjord finn vi kartfesta eit stadnamn, Løberget, og det kan vere eit utgangspunkt for å leite etter gamle Raflåna. Dersom vi går oppetter bratta i den nesten utframkomelege skogen, kjem vi på 40 meter over fjordnivå til eit berg; Løberget. Og under berghamrane oppdagar vi tydelege restar etter grunnmurar til to-tre hus. Dette er bygselplassen Raflåna. Det er eit bitte lite område som er nokolunde flatt, men omkring er så illgongt at det er vanskeleg nok berre det å fote seg.
Dei gamle forteljingane om denne staden viser seg altså å ha noko for seg i form av handfaste steinmurar. Også i kjeldene dukkar denne bygselplassen opp, dersom ein leitar. Det var kyrkja som åtte garden Nerhus, som var klokkargard til 1842. Dei eldste kjeldene vi har (lensrekneskapen 1603) fortel oss om ein ”Oluff på Neederhuus”. Vi ser noko seinare at Elling Simenson Selboskar bygsla Nerhus ”for han og hans quinde och pige” iallfall før 1655, og betaler 1pd. 6 m. i skatt i 1655. Og den eldste skriftkjelda med sjølve namnet Raflåna finn vi også frå denne tida, i lista for Koppskatten i 1645, der ei Randi er huskone på Raflåna. Det går fram at "Randj" er åleine (som er over 15 år) på plassen, og skattar 6 skilling, som er lågaste takst. Nokre år etter, i Skattematrikkelen for 1664, er Nerhus nemnd slik: ”Nerhuus med Rafflaaen”.
Hans Ramsus Iverson frå Verpesdal bygsla i 1832 ein plass Flaaen på Nerhus av Norddal kyrkje. Dette kan vere Raflåna, men det ikkje sikkert, då det vitterleg fanst fleire plassar som låg under Nerhus. I lista for Ekstraskatten 1762 står her oppført heile seks husmannsfamilar, men ikkje noko nærare om kva plassane heitte. I manntalet for 1801 var på Nerhus fire ”jordlause husmenn”.
 

Ulykka råkar Raflåna

Det var å utforde naturen, å slå seg ned på ein slik marginal plass, og det enda då også tragisk for Raflåna. Etter det som blir fortalt, må dette ha skjedd kring år 1700. Det kom eit stort steinskred høgt ovafrå og slo ned mot den vestelege delen av det vesle Raflåna-tunet. Gardbrukaren sjølv vart drepen av skredet, og det var skade på hus og jord. Det blir elles fortalt i det handskrivne bladet for ungdomslaget i Fjørå at den plassmannen som budde der då ulykka skjedde, heitte nettopp Raffel, og hadde to døtrer med kona Anne. Det blir vidare sagt at dottera (eller to døtrer) og kona var der då dette hende, og dei berga seg. Men etterpå flytte dei straks derifrå. Dei skal ha slekt etter seg i Norddal.
Grunnen til at dette kjem noko uklart fram, er at vi berre har munnlege overleveringar å støtte oss til. Det synest ikkje vere råd å dokumentere personnamna og rette årstalet for ulykka. Dette kjem ikkje fram i kjeldene. Ulykker hos fattigfolk er sjeldan å finne i tingbok eller avtaksforretning, og presten Norddal tok ikkje til å skrive kyrkjebok før år 1736. Men ved å granske området ved Løberget, synest det klart at det har gått ein bra stort steinskred rett vest for restane av husmurane. Ura der verkar nokså fersk, og kan godt tenkjast å vere to-tre hundre år gammal.
Om Raflåna vart fråflytta for godt etter skredulykka, veit vi ikkje med visse, men det er sannsynleg. Sjølv om folk bygsla plassen, kanskje heilt til utpå 1800-talet, er det ikkje sikkert dei budde her fast, men nytta grasbøtene til slåttemark. Namnet Løberget peiker også i den lei, og viser at der i lange tider stod ei utmarksløe for høy og lauv.

Kjelder


Koppskatten 1645, Skattematrikkelen 1665, Ekstraskatten 1762, Norddal bygdebøker II: Leonard Tafjord, 1966 - informantar: Kåre Nerhagen, Ole Selboskar, Sigurd Strøm.
 

Share to