• Photo: Stein Ottosen (Opphavsrett)
  • Photo: Stein Ottosen (Opphavsrett)
  • Photo: Stein Ottosen (Opphavsrett)
  • Photo: Gunnbjørg Austrheim (Opphavsrett)

Hamre prestegjeld og Hamre kyrkje

Delt i to

Denne ordninga stod ved lag fram til 1749. Då vart «Hamres Kald .... i henseende til dets Vidløftighed», delt i to: Hamre prestegjeld skulle femna om Hamre, Meland og Alversund kyrkjer og Åsane kapell, medan Hosanger omfatta Hosanger og Seims kyrkjer, saman med Mo og Flatekval kapell. Til kvart kall høyrde 10-12 såkalla mensalgardar, som skulle sikra presten levemåten.

Hamre kyrkje

Hamre kyrkje har etter alt å dømma vore ei av dei fire fjordungskyrkjene i Hordafylke i mellomalderen. Hamre var hovudkyrkje for heile Nordhordland. Bygningsrestar i den noverande tømmerkyrkja syner at det stod ei stavkyrkje her i mellomalderen.
 

Tidleg 1600-tal

Stavkyrkja måtte vika då den kyrkja som står i dag vart bygd, truleg i første halvdel av 1600-åra. Denne kyrkja er ei stor langkyrkje, med to smale utbygg på langveggene; kanskje påemna krossarmar. I vest står det eit høgt tårn, bygt i ein stavkonstruksjon, medan resten av kyrkja er tømra. Den utvendige trekledningen er tjørebreidd, og Hamre er ei av dei mest autentiske av dei tømmerkyrkjene som avløyste stavkyrkjene etter reformasjonen.
 

Interiøret

Interiøret er påkosta med dekor og inventar. Midtpartiet av det seinmellomalderlege alterskapet heng i skipet. Truleg er dette eit nordtysk arbeid kring 1500. Preikestolen er frå 1640, eit sentralt arbeid i den vestnorske «bruskbarokken». I kortaket, som er måla i 1653, ser vi framstilt: «Speiderne i Kanaan», «Jakobs drøm», «Abrahams offer» og «Samson sønderslider en ung Løve». Også skipet har vore rikt dekorert. Det som er att av denne prydmålinga, vart avdekka og restaurert i 1949. I koret finn vi også den mellomalderlege døypefonten av kleberstein, og kopiar av ein bispestol frå 1690-åra og ein mellomalderleg korstol (originalen er i Historisk Museum i Bergen).

Planke med runer

I tårnfoten står den gamle kyrkjedøra frå 1585, og på veggen heng det ein planke frå ein veggfast benk i koret. Planken har to rune-innskrifter; den eine lyder slik: «Her nedanfor kviler jomfru Margareta. Be Pater Noster for sjela hennar.»
 

Share to