• Photo: J. F. L. Dreiers prospekt: «Giestgiver Stedet Alvestrømmen 2 miil nord for Bergen». (Opphavsrett)
  • Photo: Måleri av Pieter Isaacsz 1611-1616 (Opphavsrett)

Alverstraumen

Stri straum

Straumen kan vera strid som ei elv, slik at det er mest uråd å koma gjennom sundet med ein mindre båt. Her låg nordlandsjekter som kom til nordfarstevnen i Bergen, her drog sildeflåten i førre hundreår på veg til og frå sildefiskeria ved Kinn, og her har sognejekter lasta med ved og bondevarer lege og bia på bør.  

Innbringande

I tingboka for 1675 er eigaren, Anna Thomasdatter nemnd, og i 1682 vart det fortalt om henne at «Ane, sal. Abel Mogensen, gastgeberske, med sin datter og en bondepige, lever i største armod». Seinare må staden ha vorte meir innbringande, og det var vanleg at både embetsmenn og andre reisande stogga her for å få seg mat og nattlosji.

Kongeleg skysskifte

Ved ferda til kong Christian VI i 1733 var det skysskifte i Alverstraumen: «Her (i Kjelstraumen) blev tagen fridsk Skydtz videre til Alverstrømmen, 2 miil hvor 24 støkker af Bergens byes skippere med en deris Anfører (klæd i hvide damaskes Roederklæder underforet med Couleur de Rose taft, sorte Fløyels Buxer og perlefarvet Silkestrømper, gulgallunerede Hatte) sig indfandt, og udbad at de måtte roe Hans Mayest. til Bergen, hvilket dem blev tilladt, saa at de imod klokken 11 1/2 om natten bragte Hans Mayest. til Bergen, 2 miil».  

Ynda utfartsstad

Alverstraumen var ein ynda utfartsstad for betrestilte bergensfamiliar på 1800-talet; dei drog med vengebåt og seinare med dampskip. Gjestgjevarstaden gjekk etter kvart over til hotelldrift, og i 1920 brann hotellet ned til grunnen. Seinare kjøpte Chr. Bjelland heile området og bygde ein hermetikkfabrikk på staden. 
 

Share to