• Photo: Per Jahn Lavik (Opphavsrett)
  • Photo: Måleri av Harald Brun (1873-1927). Kjelde Wikimedia Commons (Opphavsrett)

Hans E. Kinck og Strandebarm

Tidleg sveitserstil

Theodor Kinck utvida det huset som stod på Tangarås då han kom dit, og bygde det om i sveitserstil; truleg ein av dei tidlegaste sveitserstilbygningane på Vestlandet. På kvistrommet hadde Hans Ernst tilhaldsstaden sin dei åra han budde heime før han reiste ut for å studera, og seinare i mange somrar.

Skarp iakttakar

Dei finskorne og presise observasjonane hans av bygdene og folket finn vi i boka «Steder og folk» (1924), som til fulle viser Hans E. Kincks meisterskap; ein finslipt stilist og ein skarp iakttakar. Det er vel nettopp denne sida ved han som fall folk så tungt for brystet. Alt i dei første bøkene, «Huldren. Et Vestlands-billede» og «Ungt folk» fann bygdefolket lett attkjennande modellar, og i «Sne-skavlen brast» vandra dei levande omkring. Novella «Den nye kapellanen» er for all tid vorte eit usminka, nesten parodisk nærbilete av nyfikne og forvitenskap i lokalsamfunnet. Men bygdefolket kjende seg spotta og uthengde og hadde ikkje syn for kosmopolitten og europearen Hans E. Kinck.

Kunstnarheim

I dag er dokterbustaden på Tangarås prega av dei som seinare har budd her: bonden og treskjeraren Johannes Tvedt - ein elev av Lars Kinsarvik - og kunstnarekteparet Frida og Ola Rusti. Embetsmannsbustaden, med eldhus og ei 1700-tals bu i tunet, formar ein fin heilskap med eikeskog like ved og alm og kastanje - eit gammalt kulturmiljø.
 

Share to