• Photo: Rekonstruksjonsteikning av Marvin Halleraker (Opphavsrett)
  • Photo: Elizabeth Warren (Opphavsrett)

Øydegarden Lurekalven

Tre hus

Registreringar hadde påvist åkerreiner, rydningsrøyser, eit båtopptrekk, ei gravrøys, eit trappeanlegg og kolmiler. Hustufter var ikkje synlege på overflata, men dukka opp etter kvart som ein grov prøvesjakter. Staden har namnet Øyjorda, ei vanleg nemning for gamle øydegardar. Tre tufter kom for dagen. Hus I og II låg på ei planert flate ved ein bergrygg. Hus I målte 10 x 7 meter. Midt i huset fanst ein oppbygd eldstad med ei ufôra kokegrop ved sida av.

Hus II var 20 x 6 meter og delt i tre rom, forutan eit tilbygg i sør. Golvplanet i det nordre rommet var om lag ein halv meter lågare enn resten av huset. Det sørlegaste rommet hadde ein stor eldstad på kring 3 x 2 meter med flatlagde kantsteinar. Dette rommet er tolka som eldhus, brukt til matlaging. I midten var stova, opphaldsrommet, med ein eldstad i eine hjørnet. Det tredje rommet kan ha vore ei bu, der ein lagra mat og klede. I tilbygget blei det funne slagg, som tyder på at dette var ei smie eller ein verkstad.

Hus III låg for seg sjølv lengre nord enn dei to andre bygningane. Det dreidde seg om ei grindbygd løe med fjøs, som målte 20 x 7 meter. 

Funnmaterialet

Funnmaterialet frå dei to første husa bestod mellom anna av steikeheller, jernknivar, fiskekrokar, fiskesøkker, vevtynger, spinnehjul, jernnaglar, jernbeslag, bryne, slagg og nokre brente bein. Importert keramikk frå England, Nord-Tyskland og Sør-Skandinavia, samt dekorerte bronsegjenstandar og blystykke, det eine med runeinnskrift, vitnar om økonomisk overskot og samband med Bergen.

Busett i vikingtida

Lurekalven hadde ein tidleg bruksfase i romartid/folkevandringstid med skoghogst og beiting, men øya ser ikkje ut til å ha blitt busett då. Truleg var det bønder på Lygra som utnytta området. Då øya fekk fast busetjing kring midten av 700-talet, svei folk av skogen for å skaffa beite. Slik blei lyngheilandskapet skapt. Undersøkingane av åkrane viste at det hadde blitt tilført jordmassar i form av tang, tare, møk og avfall. Jorda var sjølvdrenerande tilmed under sterk nedbør, slik at grøfting ikkje trongst. Det blei dyrka både bygg og havre.

Øydegard etter svartedauen

Arkeologen Sigrid H.H. Kaland, som stod for utgravingane, har kalkulert at bøndene på Lurekalven hadde til disposisjon ca. 10 dekar åker, 70-120 dekar slåtteland og 580 dekar beiteland. Lurekalven er totalt på ca. 880 dekar, men om lag 25 % er nake berg. Garden ser ut til å ha vore i drift fram til svartedauden i 1350. I seinmellomalderen kom Lurekalven under Ytre Lygra og blei ikkje busett på ny.

Garden er no del av det verna området som høyrer til Lyngheisenteret på Lygra (sjå eigen artikkel).
 

Share to