• Photo: Karl Vassbotn
    (Copyright)
  • Photo: Karl Vassbotn
    (Copyright)
  • (Copyright)
  • (Copyright)
  • Photo: Målar Hjalmar Tafjord.
    (Copyright)
  • Photo: Sunnmørsposten
    (Copyright)

Velkomen til Fundergata

Kyrkjebudene og Fundergata

Alle gardane frå Onilsavatnet og fram gjennom Rødalen og Kaldhussæterdalen hadde buder her. Den nedste som folk hugsar var "Ole-Bernt-buda" ved Pe-løa, og den øvste var "Kaldhus-Olav-buda". I alt hugsar folk 15 buder og 6 stover.

Budene var glisne og kalde. Det var ikkje lovleg å setje inn omn før rundt 1920. Difor overnatta dalefolket sjeldan for moro skuld. Var det snø og stor fonnfare, kunne det hende dei måtte vere over i fleire dagar før vegane var farbare. Det var ikkje vanleg å gå opp og ned dalen i kyrkjeklede. Dei hang i budene. Der skifta dei, og der åt dei gjerne nista si, før dei rodde den lange fjorden eller tok fatt på den milelange vegen heimatt. Frå gamalt høyrde Tafjordbygda til Dalskyrkja i Norddal, så det var dit ferda vanlegvis gjekk. Budene var gode å ha når dei skulle frakte varer opp og ned dei lange dalane. Då sette dei frå seg det dei ikkje trong med ein gong. Det vart så teke att ved seinare høve.

I denne gata må det ha vore eit utruleg pulserande liv heilt frå hanen til Embjør vekte alle i gryotta, - med krøter på veg til beite, skuleborn på veg til og frå skule; og ikkje minst myldra det i friminutta! Kropa mellom budene var ypparlege gøymeplassar. Folk var stadig på veg att og fram frå fossane, elva der dei måtte hente alt sitt vatn. For å skylje klesvasken rein for såpe, var elva uunnverleg.

Etter 1960 har ikkje budene og stovene vore i bruk. Fleire av husa er borte, og nokre var nesten heilt øydelagde hausten 1990, då det vart sett i gang restaureringsarbeid. Prosjektet var støtta og finansiert av Møre og Romsdal Fylkeskommune, budeigarane og Norddal kommune. Prosjektet har fått god støtte og velvilje frå Tafjord Kraftselskap, Storfjordens Venner, grunneigarane og befolkninga elles i Tafjord.

Nedstedal

Ole Martinus Rødal (1862- 1956), også kalla "Nedstedal", budde fast i Nedstedalsbuda (hus nr.4) og dreiv med handel og mykje anna. Han var usedvanleg nevenyttig frå det første, og var vel helst mekanikar. Det vart for trongt i den vesle buda, så han støypte seg ein verkstad i skråninga rett under. Det var det første betonghuset i bygda. Han hjelpte folk når dei var i knipe, og kjøpte seg meir og meir reiskap, mellom anna røyrtenger og røyrgjengeutstyr. Han arbeidde også noko i Tafjord Kraft. Han førte motorbåtane som høyrde til her inne, "M/B Tafjord" og "M/B Odin".

Nedstedal heldt seg i lag med ungdomen heile livet. Han var aktiv i ungdomslaget og elles i alt som gjekk føre seg i bygda. Han var felespelar, hadde 3-4 feler og farta mykje rundt og spelte til dans og i bryllaup. Seinare skada han fingrane sine, og då var det hardt å slutte som spelemann.

Frå buda si dreiv han handel med fleire firma, også i utlandet. Han hadde mange katalogar, og handla med så forskjellige varer som teppevæft, strikkegarn, verktøy, spikar og båtsaum. Ikkje minst handla han øl frå E. C. Dahl i Trondhjem og frå firma "Christian Funder" i København kjøpte han m.a. cognac som vart levert i 60 liters eikeanker. Namnet på gata stammar frå firmanamnet som stod på desse eikefata. Fjøler frå desse vart liggjande og slengje kring novene her, og etter kvart tok folk til å nytte namnet Fundergata.

Stovene

Dei seks stovene var små, men romma likevel store barneflokkar og nokre husdyr. Stovene hadde gjerne stall og fjøs, anten i kjellaren eller i eine enden. Dei vaksne dreiv med handverk som snekring, smedarbeid, strikking og veving. Mykje av det dei trong vart henta i naturen. Høy samla dei til dømes i bratte fjellskråningar, som ein vil kalle for uframkommelege i dag. Stovene hadde namn etter kvinnene, som Embjør-stova, Maritstova. Dei som budde her vart nemnt med kona/mora sitt namn framfor, som Embjør-Karl.

Skulen

Skulen heldt fyrst til i "Karolina-stova", men i 1897 vart eige skulehus for bygda oppsett. I denne skulen gjekk det i 1919 heile 68 elevar. Elevtalet minka etter Tafjordulukka og krigen og varierte mykje. I friminutta leika ungane seg rundt budene her. Nokre heldt på med "enti" over Arneløa, og nokre leika "gøyme og kure". Vatn henta dei i elva, og ovanfor Arneløa var der ei heil rekke med utedo, to for skuleungane, eitt for læraren og eitt for dalafolket. Skulen var i vanleg bruk heilt til 1958 då det vart bygd ny skule i Holen. Elles var skulen i bruk til sløydsal nokre år på 1970-talet.

Share to