• Photo: Fotograf: Silje Stubø Solstad (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Fotograf: Arnulf Røkke (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Strilatromma

Tromme og tambur frå Sund kommune

Bygdemuseet i Sund kommune har eit eksemplar av ei striletromme datert frå siste halvdel av 1800-talet. Ho let seg ikkje lenger spele på, men ho er i god stand, med perlesett bandolær og med klåre fine fargar er ho ein av praktgjenstandane i samlinga til Sund Kommune. Ho er dekorert med den norske løve, noko som ikkje treng å bety at ho opphaveleg har vore eit militærinstrument. Dei som lagde bygdetrommer etterlikna ofte utsjånaden til dei militære trommene. Ofte hadde dei som trakterte tromma, fått interessa for instrumentet i forsvaret.
På den tida då tromma var i bruk, hadde ein på Sotra fleire som var eksepertar på å traktere dette instrumentet. Ein av dei var Elias Nilsen Høyland og i si tid var tromma på bygdemuseet hans. Han var fødd på Høyland i Sund i 1856, gifta og busette seg på ein gard på Nygårdsneset på Klokkarvik i Sund. Han var ein attraktiv tambur som vart spurd om å spela i bryllaup og gravferder. Dei siste tamburoppdraga hadde han truleg i 17. mai toga på Klokkarvik. Han døydde i 1938, 82 år gamal, men før det rakk han og å komponera nokre trommeslåttar. 

Trommeslåttradisjonen fram i lyset

Tambur Rolf K. Seldal har fått dei tradisjonelle trommeslåttane fram att i lyset. Han er fødd i Rogaland i 1968 og er utdanna slagverkar, musikkpedagog og folkemusikkvitar ved Griegakademiet UiB. Trommeslåttradisjonen var emnet i hovudfagsoppgåva hans i etnomusikkologi, og han har og laga ei lærebok om tradisjonelle trommeslåttar. Denne musikalske tradisjonen vart boren vidare ved at unge lærte av eldre og ofte gjekk det frå far til son i fleire slektsledd. Rolf Seldal sine læremeistarar har vore Eirik Sundvor og Harald Lekven. Eirik Sundvor lærte å tromma av sin far Olav og bestefar Johannes Sundvor.
Saluttslåtten, som Rolf K. Seldal har nedteikna i læreboka si, har Rolf lært av nettopp Eirik Sundvor, som har lært den av far Olav Sundvor, som igjen lærte den av faren Johannes Sundvorn, som har lært den av Elias Nilsen Høyland, som igjen lærte den av Baste Telle.  Dette er ein bryllaupsslått frå Sund. 

Trommeslått i bryllaup

 I tromma si glanstid var trommespel naudsynt innslag i bryllaup, og gjerne i samspel med fela. Tamburen fann den høgaste haugen på tunet i bryllaupsgarden for å kalle på gjestebodsfolka. Trommespel på vegen til og frå kyrkja høyrde med. Tamburen framst i fylgjet etter "kjømeistaren" og måtte ein i båt var framskuten tamburen sin plass. Felespelaren var plassert lenger bak i fylgjet, og desse to byta på å låta kvar si stund på ferda. Bryllaupa gjekk som regel over fleire dagar og ulike slåttetypar lydde etterkvart som bryllaupet skreid fram. Det var brureslått, grauteslått, sjuspringar og til slutt jagaslått. Det signaliserte at gjestane måtte ta på heimveg. Ein sjuspringar kunne vekkja opp festlyden til andredagsfeiring. Ein tambur som kunne skikkeleg kvervla med trommestikkene kunne sanneleg få opp søvndrukne gjestar med spelet sitt.  Tilliks med fela så var det knytt noko mytisk til tromma. At ein tambur kunne bli glad i tromma, kan historia om ein mann som likte så godt trommeslåttar at han selde ei "bereku" for å kjøpe seg ei tromme, fortelje. Denne tromma fekk namnet "Berekuno" og mannen vart sidan tambur i mange bryllaup.

("Bereku" er ei ku som ventar kalv)

3 comments

  • Interessann forteljing og svært kjekt at det er lagt inn lydopptak. God balanse mellom foto, tekst og lyd! Det er nemnt at mange lærte å tromma i militæret. Men nærleiken til Bergen og buekorps-tradisjonen er ikkje nemnd. Var det ingen samanheng mellom desse tradisjonane?
  • Olav Sannes skriver på s. 261 i bygdesoga "Drangedal med Tørdal" om ei ulykke som skjedde under et bryllypp i Drangedal i 1690. Under ferda i båt opp Tokevannet til kjørka blei det fyrt av et skot ( som skulle som vanlig et "glædestegn" i ei brudeferd) som traff en mann i hodet. Av vitnene til ulykka var Søren Olsen som "stod og slo på tromme". Under ei rettssak etter slåssing i et bryllupp i Drangedal i 1721 vitna Hans Olsen tambur.
  • Buekorpstradisjonen i Bergen kom som en forgjenger til skolekorpstradisjonen: Marsjere i takt etter musikk/tromming. Buekorpsene bygger altså på militærtrommetradisjonen. Trommeslåttene bygger også på militærtrommetradisjonen, men da 200 - 300 før buekorpsene så dagens lys.

Share to