• Photo: Gunnar Morsund (Opphavsrett)
  • Photo: Johannes Sponland (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)

Stortingsvalet 1912 Nordre Sunnmøre

Venstre var einerådande

Venstre var det heilt dominerande partiet i Møre og Romsdal på byrjinga av 1900-talet. Så lenge det var einmannskrinsar var det nær umogleg for andre enn venstrefolk å bli vald. Unntaket var i 1909 då Søre Sunnmøre valde ein frå Frisinnede Venstre.

Arvefølgjarstrid

Ole Langeland frå Sunnylven hadde vore stortingsmann frå 1886, men i mars 1912 gav han melding om at han ville seie frå seg attval. 31. august 1912 møttest utsendingar for lokallaga i Nøre Sunnmøre krinsvenstrelag til møte i Ålesund for å nominere "tingmann og varamann til komande val". Krinsvenstrelaget hadde då 27 lokallag og om lag 1900 medlemmar. 84 utsendingar og skrivaren Jørgen Gjærde møtte. Tore Gjære var formann i laget, men står ikkje oppført som deltakar på møtet.

Knut Otterlei frå Haram hadde vore varamann for Langeland frå 1909. Ved prøvenomineringa fekk han 45 av 85 røyster. Ved den endelege avrøystinga fekk han 50 av 83 røyster. Det var såleis ikkje noko samstemt forsamling som fremja Otterlei som Venstre sin kandidat ved stortingsvalet.
 

Dei andre kandidatane som fekk noko oppslutning på møtet var amtskulestyrar Bastian Weiberg Aurdal frå Sykkylven, fanejunker og bonde Ole Langeland frå Sunnylven (ved den endelege avrøystinga gjekk stemmene til han i hovudsak til Otterlei), Nils (?) Grønningsæter frå Norddalen og landbruksskulelærar Tore Gjære frå Ørskog.
 

Mennene med makta

Namna på dei som deltok på nominasjonsmøtet står i protokollen, men i hovudsak berre med initialen i førenamnet. Ei identifisering ut frå t.d. folketeljinga 1900 er difor vanskeleg, men det hadde vore interessant å få fastsett kven dei var alle som deltok på møtet og kva bakgrunn dei hadde. Det var desse mennene som hadde mest politisk makt. Dette kan gjerast av lokalkjende folk. IKA sender gjerne namnelista.

Mobilisering i Haram og Vigra - passivitet i Skodje

Stortingsvalet vart halde 21. oktober. Alle menn over 25 år og kvinner over 25 år med ei viss inntekt hadde røysterett. I Nordre Sunnmøre krins var det 5 605 menn og 3 742 kvinner som i utgangspunktet hadde røysterett, men 38 hadde fått retten suspendert. Valdeltakinga var 72 % blant menn og 32 % blant kvinner – samla 56 %. Berre 5 % av kvinnene nytta stemmeretten sin i Skodje, medan 67 % gjorde det i Roald (Vigra). 93 % av mennene nytta stemmeretten i Haram mot berre 49 % i Skodje.

Kyst mot fjord - men 90 % Venstre

Knut Otterlei oppnådde 65 % av røystene og vart stortingsmann. Høgre og Frisinnede Venstre sin kandidat, fanejunker C. Aase, Borgund fekk 10 %. Men det var og tre andre venstremenn som fekk stemmer: Bastian Weiberg Aurdal fekk 14,5 %, Ole Langeland fekk 8,7 % og K. J. Andeberg frå Stranda fekk 1,1 %.

Otterlei hadde størst oppslutning i Roald (Vigra) herad med 99,6 %, Vatne med 98,8 %, Haram med 98,5 % og Giske med 86,4 %. I Sunnylven hadde han derimot berre 4,6 % og i Sykkylven 18,1 %. I sju av tolv kommunar hadde han reint fleirtal, - det ser ut som at kyst stod mot fjord men der kysten stod samla var fjordane splitta.
 

Weiberg Aurdal hadde stemmene sine først og fremst i Sykkylven (80,6 % oppslutnad), men også i Ørskog og Norddal. Langeland sine stemmer kom for det meste frå Sunnylven (82,5 %), men og noko oppslutnad i Norddal og Stranda. Av Langeland sine 56 stemmer kom 50 frå Stranda. Høgrekandidaten Aase fekk beste oppslutninga si i Ørskog (25,6 %), Borgund, Giske og Norddal.
 

Geografi synest å ha svært mykje å seie i politikken i 1912, på same måten som no.

Share to