• Photo: Jan Rabben (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Kvinnherad kommune

I Fjelberg prestegjeld og kommune var Eid sokn eigen kommune 1838-1860. Bakgrunnen var at Eid ikkje høyrde til Skånevik skipreide, og at ein etter formannskapslova difor kunne søkja om få utgjera eit eige formannskapsdistrikt. Varaldsøy herad vart skilt ut frå Strandebarm i 1902, og i 1965 vart denne kommunen delt mellom Kvinnherad og Kvam.

Eldre skipreider og rettsordningar

Noverande Kvinnherad var på 1600-talet delt mellom Skånevik, Fjelberg, Kvinnherad og Strandebarm skipreider. I tillegg var det ting for Rosendal baroni med eigne lensmenn i kvar sine skipreider. Denne ordninga tok slutt då det rettslege ansvaret for Rosendals gods vart overført til sorenskrivaren i Sunnhordland frå 1853. I mellomalderen hadde Kvinnherad skipreide mest same utstrekning som no, men i dag kjem Fjelberg og delar av Skånevik i tillegg; kommunar som tidlegare var eigne skipreider.

Folgefonna nasjonalpark

Ein ny nasjonalpark, Folgefonna, deler Kvinnherad med Ullensvang og Jondal, og fjellheimen i denne fjordkommunen går med rette under namnet Kvinnheradsalpane: Melderskin, Malmangernuten, Ulvanosa - berre namna er ei oppleving.

Stadnamn i Kvinnherad

Kommunenamnet Kvinnherad er eit namn med gamle røter. Namnet på skipreida i mellomalderen vekslar mellom Skåla og Kvinnherad. Skåla var namnet på garden der langskipet stod og på hovudbygda. Kvinnherad blir sett i samanheng med Kvinn, «noko todelt», (kanskje om to elvar).

Handaland inneheld eit elles ukjent ord i slekt med hanga, altså «landet som ligg høgt eller bratt». Førsteleddet i Herøysund er (skips)hær, her samlast leidangskipa i den lune hamna i sundet. Førsteleddet i Uskedalen kan vera eit gammalt elvenamn som tyder «ønskje (om godt fiske)», Dimmelsvik inneheld ei avleiing av gno. dimmr «mørke», medan vi i Dønhaug finn eit ord dyn «bulder, brak.» Guddal, skrive Gautdal ca. 1360, er samansett med elvenamnet Gaut, i slekt med gno. gjóta «(ut)gyta, strøyma».

Løfallstrand må ha fått namn etter ei nedfallen løe, medan Ænes helst viser til gno. æðr «ærfugl». Bondhus kjem av bondi «bonde», og Varald i Varaldsøy kan vera ei samansetjing av gno. varr «vis, gaumsam» og eit gammalt ald «høgd». Juvsland (Gjuvsland) fortel om eit juv ved garden.

Ølve kan vera ei avleiing av ulv, medan førsteleddet i Terøyna inneheld namnet på ein mindre farleg art i faunaen, nemleg tiur. Fjelberg er avleidd av fjolbyrjan: «staden med mange slags bør» - kastevindane som kjem frå Borgundnuten. Borgund i Borgundøya inneheld ei avleiing av borg, her helst i tydinga «berg, høgd».

Knapt noko anna stadnamn i Hordaland står det ein friskare dåm av enn Rosendal. Og den tradisjonsrike bygda med baroniet i blomebunad er vel verd ei vitjing. Men namnet er ikkje gammalt. I eit dokument frå 1723 står det «Rosenthal – tilforn Hatteberg kaldet». Og «tilforn» må vera før 1678; det året garden vart opphøgd til baroni. Baroniet vart namngjeve etter mønster av adelsseta Rosenvoll og Rosenholm i Danmark. Namneleddet Rosen- har såleis runne av tysk rot.

Langt eldre er altså namnet Hatteberg. Føreleddet Hatte- reknar ein med går attende på ei eldre genitivform av ordet hott, brukt om runde fjellknattar. På garden er det fleire slike, m.a. ein som har vore kalla Skolten. Mel er laga av det vanlege ordet (sand)mel, sandgrunn, sandbakke. På Mel skal det i mellomalderen ha stått ei kyrkje. Seim, som ligg litt lenger sør, går attende på Sæheim: 'garden ved sjøen'. Enda meir historisk interessant er Skåla (uttala på same måte som verbet å skåla), ein av grannegardane til baroniet. I eldre tid vart skåle brukt om 'forsamlingshus, gildeskål', (jf. Gildeskål i Nordland), og det er grunn til å tru at Skåla tidleg har vore ein samlingsstad for folk frå distriktet ikring.

Fjellberg er avleidd av fjolbyrjan: «staden med mange slags bør» — kastevindane som kjem frå Borgundnuten. Borgund i Borgundøya inneheld ei avleiing av borg, her helst i tydinga «berg, høgd».

Share to