• Photo: Egil Korsnes (Opphavsrett)
  • Photo: Alf Adriansen (Opphavsrett)
  • Photo: Frokor. (Opphavsrett)
  • Photo: Frokor (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Kisgruvene på Litlabø

Stordrift i 30 år

I 1907 vart Stordø Kisgruber A/S skipa, først med belgisk, seinare tysk kapital, og eit moderne gruveanlegg vart bygt opp. Det kom heisanlegg og vaskeri der ein skilde kisen frå gråberget, og det vart lagt eigen smalspora jernbane ut til ei moderne utskipingshamn på Grunnavågsneset. Bustader for arbeidarane vart bygde inne på verksområdet og dels i eigne grender i Gjerde, Rødkleiv og «Moskvadalen». Dei første åra gjekk drifta med damp frå eigen sentral. I 1922 kom eigen kraftstasjon på Børtveit.

Arbeidarsamfunnet

Litlabø-gruvene var ei sjølvforsynt verksemd på mest alle område, også for arbeidarane. Stordø Kisgruber sytte for skule, handel, husvære, vegar, elektrisitet, renovasjon og kino. Då arbeidarane organiserte seg, laut dei derimot utanom verksområdet. Folkets Hus vart bygt på Dale. Arbeidarkulturen som grodde fram, stod i sterk kontrast til bygda elles. 1. mai-feiringa i Sunnhordland vart først teken opp på Litlabø.

Konkurranse og avvikling

Under siste verdskrigen gjorde kommandogrupper frå Shetland eit «raid» mot gruvene for å stogga produksjonen. Den norske staten overtok gruvene som krigsskadeerstatning i 1945. Drifta gjekk godt utover i 1950-åra, men Litlabøgruvene makta ikkje å ta kampen opp mot utanlandsk konkurranse i tiåret etter. I 1968-69 vart drifta avvikla. Eigedomane vart kjøpte av Stord kommune i 1972. I dag er bustadene selde til arbeidarane, og mange av driftsbygningane er rivne. Heistårnet står att, og under det går gruvesjakta 700 meter ned. Gangane går kilometervis innover. Den særmerkte kontorbygningen står òg framleis og nokre av dei andre driftsbygningane.

Museum

I den gamle gruvesmia har Sunnhordland Museum bygt opp eit lite museum. Det er faste utstillingar med reiskap og foto frå området. Ein stor modell av anlegget syner korleis det var då drifta var på det største i slutten av 1940-åra. Eit fyldig teikningsarkiv og ei geologisk samling finn du òg i gruvemuseet.

2 comments

  • I den senere tid er det utført et stort arbeid ved å ruste opp store deler av gruvegangene.

    Det liger enorme energimengder skjult i dette området.

    Det kunne vært svert greit om anlegget kunne vert benyttet som en resurs innen fornybar energi.

    Anlegget har trolig nok resurser til å drive all bebyggekse i gruveområdet.

  • Startet min jobbkkarriere her ved Stordø Kisgruber A/S. Var ansatt ved sentralbordet fra 1957-1960. Jeg målte også nedbørsmengden for Meterologisk Institutt som jeg sendte en gang i mnd. Det var den gang jeg var ung og vakker, nå er bare........

Share to