• Photo: Einar Grieg (Opphavsrett)

Allemannsretten

Alle har lov til å ferdast og halda til i utmarka i Noreg. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av vår kulturarv.

Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957.

Allemannsretten gjeld i utmark. Der kan du:

• ferdast fritt til fots og på ski

• rasta og overnatta

• ri eller sykla på stiar og vegar

• bada, padla, ro og bruka seglbåt

• plukka bær, sopp og blomar

• fiska fritt etter saltvassfisk

 

Med sykkel kan du sykla etter vegar og stiar i låglandet og fritt i høgfjellet. Du kan sykla der det er allmenn ferdselsrett. Dersom det ikkje er snakk om organisert eller kommersiell ferdsel,

kan du òg sykla på vegar og tilrettelagde stiar gjennom innmark for å koma til utmark. Hugs at vegen, stien eller terrenget der du syklar skal kunne tola slik bruk. I nokre markaområde, friluftsområde og naturvernområde kan det vere forbode å sykla, eller området kan ha spesielle reglar for sykling.

 

Dersom du syklar i utmark, må du hugse:

• at du ikkje må sykla i sårbart terreng, og at høgfjellsnaturen er utsett for terrengslitasje (myr, tørrberg o.a.).

• at ikkje alle stiar er eigna for sykling – bruk dei stiane som toler det.

• å leggja sykkelturen til dei minst brukte turstiane for å unngå konfliktar med turgåarane.

• å sykla slik at du ikkje forstyrrar vilt og husdyr.

• å sykla med ein fart som er tilpassa turferdsel og ikkje forstyrrar dei som går.

• å bruka etablerte raste- og bålplassar og vere ekstra forsiktig når du bruker eld.

• å ikkje setja opp telt inntil hus eller hytter der det bur folk (minst 150 meter der det ikkje er gjort unntak ved forskrift).

• å respektera nærings- og brukarinteresser.

Share to