• Photo: Foto: Knut Bry (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Gulatinget - Opphavet til Lovane våre

Gulatinget var det største regionaltinget i mellomalderen og er opphavet til dei første lovane våre.

Gulatinget var ein årleg tingsamling som fann stad i Gulen frå ca. 900-1300 e.Kr. og er eit av dei eldste og største tingsamlingane i Norden i mellomalderen.

Det eldste lovområdet omfatta Hordaland og Sogn og Fjordane. Under Håkon den gode (935-61) vart Rogaland, Agder og Sunnmøre lagt inn under Gulatingsområdet. Seinare kom også Setesdal, Hallingdal og Valdres til.

I byrjinga var Gulatinget eit allting der alle frie bønder hadde rett til å møta.Utvidinga av Gulatinget sitt lovområde førte med seg ei omdanning frå allting til lagting der kvart fylke peika ut sine lagmenn - eit visst tal menn som skulle representere sitt distrikt. Dermed vart representasjonsprinsippet i det norske styresettet etablert. 
 

Bøndene møttes på tinget for å drøfta politiske saker, vedta lover og dømma i sivile tvistemål og kriminalsaker. Til hjelp i drøftingane blei det utvikla ei eiga lov, Gulatingsloven.

Gulatingsloven er den eldste kjende og bevarte lovsamlinga i Norden. Lova finst i dag i eit handskrive manuskript frå om lag 1250, men teksten er blitt til gjennom alle dei lovvedtak og revisjonar som tingbøndene var blitt einige om gjennom eit par hundreår.

Rantzauboka er originalmanuskriptet der lovsamlinga til Gulatinget er nedfelt. Manuskriptet hamna i privat eige (truleg under unionstida med Danmark) hos familien Rantzau og vart donert til Det Kongelege Biblioteket i
København av Christian Rantzau på 1700-talet. Sidan har det ligge oppbevart i handskriftsamlinga ved biblioteket.

Samstundes med Gulatinget utvikla det seg tilsvarande tingområde i andre delar av landet. Det var Frostatingsområdet for Midt-Noreg og seinare Eidsivating- og Borgartingsområdet på Austlandet.

Magnus Håkonsson (Lagabøte), som var konge frå 1263-80, fekk skrive saman lovene frå desse tinga i det som blei den første samla lova for heile riket ( "Landslova" av 1274).

Gulatinget spelte ei sentral rolle då Noreg vart samla til eitt rike. Kongemakta var lokalisert på Vestlandet i mellomalderen, og det var med utgangspunkt i tingsamlingane at kongen kunne få støtte for ei samling av riket.

Gulatinget er opphavet til dei norske styringstradisjonane der representantar for distrikta møttest for å delta i den politiske styringa. Tingsamlingane var difor ein viktig etappe i utviklinga av tradisjonar og verdiar som la grunnlaget for det moderne demokratiet.

Arven frå Gulatinget finn vi att i vårt eige Storting, der representantar frå alle kantar av landet framleis sit fylkesvis på tinget.

At vi fekk vår første lovsamling, og dermed eit grunnlag for ein rettsstat, er ein arv frå Gulatinget. På bakgrunn av arven frå Gulatinget har det sidan vakse fram eit rettssystem og eit lovverk som sikrar nordmenn grunnleggjande menneskerettar, og fremjar tryggleik og fred for innbyggarane i landet.

Gulatinget var opphavet til det første organiserte forsvaret av riket, med etableringa av den sjømilitære leidangsordninga. Ordninga omfatta militære plikter der kvar bygd, og etterkvart byane, måtte byggja, utrusta og bemanna skip til leidangsflåten.

Ein finn tingsamlingar i fleire land rundt Nordsjøen der nordmenn hadde busetnader. Alltinget på Thingvellir, Island vart skipa etter at sendemannen Ulvljot hadde vore observatør på Gulatinget i tre år. På same vis finn ein tingsamling på Thynwald på Isle of Man som var norsk lydrike i mellomalderen. Ein finn også tingstader i Skotland, Orknøyane, Shetland og Færøyane.

Share to