• Photo: Randi Ida. N. Rønning (Opphavsrett)
  • Photo: Randi Ida N. Rønning (Opphavsrett)
  • Photo: Rand Ida N. Rønning (Opphavsrett)
  • Photo: Randi Ida N. rønning (Opphavsrett)
  • Photo: Ingvild Bakk (Opphavsrett)
  • Photo: Randi Ida N. Rønning (Opphavsrett)
  • Photo: Randi Ida N. Rønning (Opphavsrett)

Frå svalgangsbrygge til svalgangsbrygge i Aure

I ein pause mellom ruskvèrsdagane la ein liten konvoi av små og litt større båtar ut på naust- og bryggevandring med om lag 45 menneske om bord. I tillegg til båtane, slepte ein med seg ei ti meter lang flåte. Det var dårleg sjølending, så den vart bruka for ilandstiging, men den tente også som uteserveringsstad for kaffe og kaker.

Bakgrunnen for at kulturkontoret i kommunen og fleire andre gode krefter fekk i stand denne turen, var ein idè som Brit Hansen frå Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal kom med på eit folkemøte om Kulturminneåret tidleg i år. På dette møtet snakka ho om dei mange bevarte svalgangsnausta og -bryggene i Aure. Dette er sjøhus med bu av lafta tømmer og svalgang av stavverk, der materiala er låst i kvarandre på eit vis som utnyttar treverket maksimalt og gjer huset svært motstandsdyktig mot vèr og vind. Denne bygningstypen var visstnok typisk for store delar av det gamle Nordmørafylket, og det er bevart spesielt mange brygger og naust i Aure og Halsa kommunar. Byggeskikken har røter tilbake til middelalderen, men på Nordmøre har ein bygd på denne måten til langt inn på attenhundretalet.

På rundturen var eigarane med og fortalte om dei tre stadene som vart besøkt. Ein starta med orientering og såg seg om i eit naust og ei brygge på Vågsbugen, før ein drog ut til småbruket Husfesta.
 

Her budde Anne Husfest til i 1992, og ti år etter at ho døydde, står dei grå og verslitne husa fråflytta, men urørte og intakte. Dei er eit vitnemål om dei forholda som småkårsfolk langs kysten levde under for ikkje så lenge sia. Fleire av dei som var med på turen, mintes Anne med varme og glede, som det usedvanlege mennesket ho var.
 

I Klaksvika fortalte eigaren om vedlikehald og reparasjon. Han fortalte også at han hadde flytta opp brygga. Som han visste om, hadde ho reke av to gonger, blant anna under nyttårsorkanen på Nordvestlandet i 1992, men no håpa han at ho stod trygt.
 

Tilbake i Vorpsundet vart folket benka rundt langborda i brygga til Magne Vaag og servert bacalao. Arkitekt Lars Fasting, som har gjort ei registrering av denne bygningstypen i Aure, heldt fordrag om denne eineståande byggeskikken, og ein fekk ein liten diskusjon om korleis ein kan få til å ta vare på denne unike kulturarven. At det ligg økonomiske utfordringar her, er alle klar over.
 

Historielaget og Ingvild Bakk frå kommunen vil vidareføre dette viktige arbeidet. Det vart òg foreslege at ein skulle laga ei venneforeining for nausta og bryggene. Mange skreiv seg på for å bli medlemmer.
 

2 comments

  • For meg absolutt interessant!
  • Det er eg som er den "anonyme" ovanfor, det var ikkje meininga at det skulle vere slik. Sett på bakgrunn av bruk av stav og laft her i Telemark, i bur og loft t. d., finn eg dette sers interessant og skulle gjerne vite litt meir om denne bygningstypen.

Share to