• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Til støls i førkristne fotefar - Frå støl til turlagshytte

Historiske tufter

På den gamle stølen Grøssete i Sogndalsdalen stilna stølslivet i 1950-åra. Budeiene hadde kalla og lokka på dyra for siste gong. Frå den nære fortida ligg desse minna synlege med sine selmurar og steinkveer  (innhegningar), men mellom desse ligg det 6 blyge nedgrodde tufter. Desse tuftene minner oss om enno eldre tider – utan korkje munnleg eller skriftleg soge. 20 meter nedafor hytta til Songdal Turlag ligg den eine av dei freda tuftene som den vanlege turgåar kan ha vanskar med å sjå. Her er det kol frå eldstaden som no er arkeologisk registrert og datert til år 1310-1420, noko som kan tyda på at Grøssete vart lagt øyde under svartedauen ca. 1350.

For å koma til Grøssete (860 m.o.h.) kan du fylgja raudmerka sti frå P-plassen i Kvamshagen ved Dalavatnet, og gå bratt opp forbi den flotte Svedalsfossen. Ovafor fossen flatar stien ut, og her nedst på Grøssetemyrane kan du studera spora etter folka frå tida før Noreg vart Noreg – og kristna. Langs stien ligg det 13 freda tufter, der kol frå to eldstader er daterte til 6-700-talet. Begge tuftene er merka med skilt, der stien går over golvet i den eine tufta. Sogndal Sogelag som oppdaga det store talet med sogelause spor, har rydda fram alle tuftene frå den tette skogen.

Turlagshytte med utsikt

Frå P-plassen tek det ca. 1 ½ time opp til Grøssete, der hytta (selet) til turlaget har 4-5 sengeplassar for overnatting. Frå hytta er det merka sti til stølane Navarsete, Spe og Stepin, men turen kan òg leggjast til topplatået av den drustelege Torstadnakken (1565 m.o.h.). I 1930-åra er Grøssete skrive Grøtsete, og namnet er tenkt å koma av «grjot» som er eit gamalt ord for stein. Då høver det at stølen ligg i eit steinlandskap - utan plass til nokon vanleg stølsvoll. Det var gardane Kvam i Dalen, Stenehjem, Kjørnes, Øvre Stedje og Haug på Fimreite som støla på Grøssete. Haug kjøpte stølsretten av Stenehjem, på trass av den lange og strevsame bufòrevegen. Først måtte dei frakta buskapen 10 km i båt inn fjorden til bryggja i Sogndalsfjøra, og så driva dyra over 15 km fram Sogndalsdalen og opp til stølen. Det fortel kor viktig stølinga var for leveveg og matproduksjon den gongen. For dei som streva på Grøssete i fleire hundre år var det mangt og mykje som arta seg på ymse måtar, men det vide utsynet var alltid det same.


Share to