• Photo: Håvard Hatløy (Opphavsrett)
  • Photo: Håvard Hatløy (Opphavsrett)
  • Photo: Herøy Sogelag (Opphavsrett)
  • Photo: Håvard Hatløy (Opphavsrett)

Anna med barnet

På Herøy gamle kyrkjestad står der ein stor jarnkross med berre denne inskripsjonen: "Anna med Barnet. 2.2.1841". Bak dette kulturminne ligg der ei gripande historie.

 

Johan Christoffer Brun var overtollbetjent i Herøy, og budde ute i Voldsund. Der låg embetsgarden. Han var gift med Anna Margrethe Irgens Holst.

Anna hadde bore fram 7 born, men berre 4 av dei var i live då ho skulle føde sitt åttande. I jula 1840 gjekk ho høggravid. Då tida nærma seg ut i januar, vart ho sjuk. Under fødselen gjekk det gale. Anna døde før barnet vart fødd, i ein alder av vel 41 år. Dette var den 23.januar 1841.

Prost Hans Conrad Thoresen i Stokksund, var ikkje tilstades desse dagane. Johan Christoffer Brun måtte ordne med gravlegginga i lag med kyrkjeverje. Anna vart gravlagd kyndelsmyss, den 2/2 1841. Jordfestinga skulle haldast seinare, når presten held neste gudstjeneste. I det høve vart det sett eit jarnrør gjennom jorda, ned på kisteloket. Då kunne jordpåkastinga skje gjennom røret.

Den gamle handelsmannen på Herøy, Jakob Olsen, var tilstades under gravlegginga. Han var blant dei kondisjonerte i nærområde, og var ven av familia Brun. Olsen budde inne på Klungsøyr og hadde rodd til kyrkjestaden med båten sin. Etter sermonien vitja han handelsmann Lorange, som då dreiv handelsstaden på Herøy. Her vart han verande ei stund før han skulle ta til på heimvegen. Det var ein liten time å ro innatt i Tjervågane, so han måtte kome seg av garde før det vart mørkt. Det hadde vore ein trist dag og mange tankar gjekk nok gjennom hovudet til Olsen. Han tok seg tid til ein liten tur opp om grava til Anna, før han gjekk i båten.

På vegen bort høyrde han nokre merkelege lydar, som om nokon skreik. Det kunne verke som det kom frå jarnrøret som stod ned på kisteloket. Jakob Olsen fekk tak i folk borte i tunet, og dei byrja straks å grave oppatt grava. Andre fossrodde ut gjennom Straumen til Voldsund, for å få tak i Johan Christoffer Brun.

Kista vart opna, men det var for seint. Anna var død, og ho hadde forløyst eit lite barn som også var livlaust. Seinare på kvelden kom Johan til Herøy, og det vart bestemt å grave att grava. 

Til minne om Anna og barnet som vart fødd i kista, sette Johan opp ein jarnkross. På krossen står det berre "Anna med Barnet - 2.2.1841". I tillegg er der ein illustrasjon av ei aume som utviklar seg til ein sumarfugl, og eit tre som spirer opp frå rota av krossen.

Same året flyttar Johan og borna til den nye garden i Røyra, som han og Anna hadde kjempa om å flytte til i fleire år. Johan Christoffer Brun, gifta seg på nytt i 1845, med Agnete Tomine Wrenstad. Dei fekk 6 born i lag, som vaks opp. Johan døde i 1865 og vart gravlagd i same grava som Anna og Barnet. Siste kona, Agnete, er ikkje gravlagd her.

Eit knapt år etter fødde Jakob Olsen si dotter, Severine, eit barn som vart kalla opp etter Anna. Ho vart døypt Anna Margrethe Irgens, fødd 11.12.1841. Ein son etter Severine, Tollef Christian, gifte seg med Rebekka Heloise Fredrikke Brun i 1864. Ho var dotter til Johan og Anna.  Det hadde vore nære band mellom familiene Brun og Olsen.

 

Share to