• Photo: Eli Lothe
    (Copyright)
  • Photo: Eli Lothe
    (Copyright)
  • (Copyright)
  • Photo: Eli Lothe
    (Copyright)
  • Photo: Synnøve Gjermundnes
    (Copyright)

Då Blåmann kom heim att

Denne vesle historia handlar om ei lita jente som så gjerne ville at Blåmann skulle komme heim att til guten sin - og som fekk det som ho ville!

Vi kan starte med ein nydeleg instrumentalversjon av  Blåmann, Blåmann ... 
med Sigmund Groven; stilt til rådvelde av Fylkeskonsertane i Hordaland).

Og her er historia:
Magrit heitte ei lita jente. Ho var ei aktiv og songglad lita jente, og ein av dei songane ho likte best var "Blåmann, Blåmann, bukken min". Men ho syntest at slutten av songen var for "skummel":
"... ikkje enno Blåmann min,
må du døy frå guten din
".
Ho gjekk difor til tanta si med dette kravet: "I vil at Blåmann ska' komme heim att!" Tanta "dikta" eit nytt vers, og Magrit var vel fornøgd.

Då ho byrja på skulen, skulle klassen lære "Blåmann, Blåmann, bukken min". Det gjekk greitt, men siste verset var jo ikkje med! Og Magrit protesterte – det ER eit vers til!
Læraren var velvillig – Magrit skulle gjerne få synge det manglande verset for dei andre i klassen. Og det gjorde Magrit – utan nøling - for ho var ei modig lita jente, og flink til å synge.

Dette hende for meir enn ein generasjon sidan. Magrit er i dag mor til fire - og har ofte sunge "Blåmann, Blåmann, bukken min" for sine ungar – alltid med siste verset med!
Her syng ho – saman med dei – dette verset, som for familien har vorte ein naturleg del av den populære songen om Blåmann    

"Blåmann, Blåmann bjella di
høyrer eg på nytt i li.
Kjem no att til guten din
kjære Blåmann, bukken min
"

-------------------------------------------------

 Wikipedia har denne omtalen av "Blåmann":
"«Blåmann» eller «Leitande etter Blåmann» er ein kjend song skriven av Aasmund Olavsson Vinje. Han blei prenta første gongen i Dølen i 1860, som avslutning til artikkelen «Gjeiti». Diktet blei seinare tonesett av Anne Haavie, og er blitt ein utbreidd norsk barnesong".

Heile songen er slik (utvida (men ikkje fullstendig!) utgåve):

Blåmann, Blåmann, bukken min,
tenk på vesle guten din!
Bjørnen med sin lodne fell
kan deg taka seint i kveld. 

Gamle Lykle, moder di,
seint kom heim med bjølla si.
Så ikring seg ho mund' sjå
liksom der var fare på.

Det såg ut som der var naud,
kanskje no du ligger daud.
Tidt du dansa kringom meg,
mangt eg rødde då med deg.

Når eg låg som blind og dauv,
grov du på meg med di klauv;
ja, du ville vekkja meg
opp til leiken din med deg.

Du var sprek og glad og god,
all mi ros du vel forstod.
Tidt du veit eg sa til deg:
«Han veit meir enn mata seg.»

Blåmann, Blåmann, svar meg no,
mekra med ditt kjende ljod!
Ikkje enno, Blåmann min,
må du døy frå guten din.   

 

Share to