History
-
- Gjenstanden er ei "Medisinkiste", tilhøyrande båten "Hird". M/S "Hird" blei bygd i 1910, og det er å anta at medisinkisten var i båten sin eige fra den var ny. I 1927 gikk seks menn frå Mauseidvåg på Sula saman om å kjøpe båten til ein fangst og overvintringstur på Aust-Grønland. Då en del av medisininnhaldet ikkje er av same varemerket som står på innhaldslisten, men bruksområda er i samsvar med lista, er det ikkje usansynleg at desse har blitt kompliterte for å ha med på turen. Medan båten låg til kai i Ålesund klar for avgang den 13. juli 1927, kom skipskontrollen for å inspisere skuta. Denne blei funnet i ein slik dårleg stand at skipskontrollen la ned seilingsforbud, og forlangte båten lossa og slippsett for ein nærare kontroll. For å hindre at karane mot formodning ikkje skulle ta pålegget til fylgje, kverrsette skipskontrollen medisinkista. Etter at skipskontrollen tok hand om kista, veit vi ikkje meir om den før Ishavsmuseet får ein førespurnad frå Henry Skeide på Hjørungavåg i januar 2005, om museet var interesserte i ei medisinkiste som hadde tilhøyrd båten "Hird". Henry Skeide er gift med Eva Ingvaldsdatter Alvestad (født 1951) som var datterdatter av Olaf Toresen Nedrelid, og kista kom for en dag under opprydding i driftsbygninga på garden i 2005. Ved registrering av kista og innhaldet i den, gjeng det fram av innhaldet at noko av medisinen er utskrevet til to av barna til Olaf Toresen Nedrelid i tidsromet 1933-1947. Korleis medisinkista til "Hird" har havna i Hjørungavåg, etter og ha blitt kverrsett av skipskontrollen i Ålesund i 1927, kan vi berre spekulere i. Det er ikkje utenkjeleg at Olaf Toresen Nedrelid har fådt hand om kista ved skipskontrollen i Ålesund, og at han har brakt denne med heim til eige bruk på garden. Dette resonnemanget er gjordt ut frå at der i kista er funnet medisin utskrevet til to av barna hans, Torstein (1913-1964) og Jenny (1916-1983).
-
Produksjon
- Produsent NN = Produsent ukjent usikker
- Production place Ukjent sted Produsent-ID mangler usikker
-
Bruk
Trekiste til oppbevaring av medisin til skipsbruk. -
Eierskap
- Første eier Hird, M/S. M-114-B
- Bruker Hird, M/S. M-114-B sikker
- Tidligere eier Nedrelid, Olaf Toresen sikker
- Bruker Nedrelid, Olaf Toresen sannsynlig
- Giver/siste eier Skeide, Henry Noralv sikker
- Gitt som gave til Ishavsmuseet Aarvak sikker
-
Annet
- Funnsted Møre og Romsdal Hareid 6063 Hjørungavåg "Granly" (Toresengarden) gnr/bnr 76.005
-
Aksesjon - 2005 (Innlevert)
Relation
Classification
-
- Legemidler (Outline) OU 278
- Trearbeid (Outline) OU 322
- Keramikk- og glassproduksjon (Outline - Keramikk) OU 323
- Detaljister (Outline) OU 444
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier ISM.01151
- Alternative name PERM-11. ISM.01151A - Institusjonsintern katalog / liste
- Part of collection Ishavsmuseet Aarvak
- Owner of collection Ishavsmuseet Aarvak
- Institution Ishavsmuseet Aarvak
- Date published October 15, 2014
- Date updated October 5, 2023
- DIMU-CODE 011025439021
- UUID 6343c4e5-c928-40d5-9476-2b00a4fe3ff0
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».