History
-
- "Brandal" var bygd i tre ved Skålurens skipsbyggeri, Rosendal i Hardanger i 1911. Skuta var 83,1 fot lang, 20.6 fot brei og 8,6 fot djup. Ho var på 90,71 bruttotonn og 44,49 nettotonn. Skuta fekk insett ei tostegs dampmaskin på 50 indikerte hk. bygd ved Brunholmens Mek. Verksted i Ålesund. D/S "Brandal" vart rekvirert av tyskerane under siste verdskrigen, og vart i 1944 bomba og sekt ved Sandnessjøen. "Brandal" vart heva om sommaren same året og slept til Hatløs Verksted i Ulsteinvik og sett på land. Skuta vart no delt i to for ombygging og forlenging. Framdrifta under ombygginga vart sabotert slik at skuta ikkje blei ferdig før krigen var over. "Brandal" vart først ferdig i mars 1947, og etter ombygginga var det berre noko lite attanfor midtskipet som stod att av gamleskuta. "Brandal" vart no målt til 101,6 fot lang, 22,8 fot brei og 10,5 fot djup. Ho var på 157,06 bruttotonn og 49,71 nettotonn. Ho fekk no innsett ein 375 hk. Crossley dieselmaskin. Med denne maskina gjorde skuta 10 knop fart. I 1966/67 blei Crossleyen skifta ut med ei større maskin, ei 750 hk. Wichmann. M/S "Brandal" vart kondemnert og søkkt på dumpefeltet ved Gangstøvika i 1979.
Produksjon
- ProdusentKragset, Bertel G.sikker
- Production placeMøre og Romsdal Hareid 6060 Hareid Nesset, Hagardstun (Kragset) gnr/bnr 60.06.sikker
Bruk
Modell til utstillingEierskap
- Første eierKragset, Bertel G.sikker
- Selger til museetKragset, Bertel G.sikker
- Oppdragsgiver/bestillerIshavsmuseet Aarvaksikker
- EierIshavsmuseet Aarvaksikker
Annet
- FunnstedMøre og Romsdal Hareid 6060 Hareid Nesset, Hagardstun (Kragset) gnr/bnr 60.06.sikker
Aksesjon: 1989 (Innlevert)
Classification
-
- Trearbeid (Outline)OU 322
- Hobbyer (Outline)OU 523
References
- LitteraturreferanseIshavsskuter, Johan Ottesen side 58-61.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierISM.00293
- Part of collectionIshavsmuseet Aarvak
- Owner of collectionIshavsmuseet Aarvak
- InstitutionIshavsmuseet Aarvak
- Date publishedOctober 15, 2014
- Date updatedSeptember 23, 2023
- DIMU-CODE011025438231
- UUID104969b6-e409-4582-aa2f-d7ccce1bfd1e
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».