Dør

3 comments

  • Etter munnleg overlevering på garden Hærstad, gnr. 81/1, skal denne døra vere frå Veum gamle kyrkje (1727-1863). Men i grenda er det nokre dørar til som er sagt at kan vere derifrå så kva som er rett er kanskje noko usikkert. Veum gamle kyrkje vart innreidd 1727 av Gunnar Floske (1709-1798,) etter tradisjonen gjorde han og utskjering og målararbeidet.
  • På Hærstad er det ei ivistoge som er rikeleg dekorert, dette vart for mange år sidan skånsamt dekt med nytt panel, men eit felt vart ikkje tildekt. Denne døra er frå den stoga, den var lagra i buret på garden og vart gjeve til Fyresdal Bygdemuseum. Det vart nemnt at det tildekka panelet kunne vere frå den nedrivne kyrkja, ikkje meir grunngjeve, men difor fekk museet døra. Så vart denne døra saman med ein døypefont stilla ut på jubileumsutstillinga i Nes 1991, ei lokal utstilling og med ein merkeleg grunn, sakna vel objekt? Då den kom attende til museet vart det sagt at døra var måla av Varmekrå, noko ein her i Fyresdal ikkje vart fortruleg med. Nikuls Buine, ein produktiv rosemålar, var frå grenda med Hærstad. Det er mange objekt måla av han, særleg omkring 1840-1845. På Hærstad var eit bryllup 1845, men initialane let seg ikkje lett samsvarast. - Kjetil Straume var ein fyresdøl med kunnskap på mange felt, han studera målinga på døra og veggfeltet på fotografi og meinte at dette måtte vere eit produkt av Nikuls Buine. Han fortalde meg at han skulle skrive ein grunngjeve kommentar her, men rakk ikkje å gjere det før han døydde brått. Ut frå det som er nemnt her meiner eg at det er god grunn til å endre namnet på kunstnaren til denne døra.(Underskrivne, Olav Momrak-Haugan, var den som henta døra ned til Fyresdal Bygdemuseum, og som står ansvarleg for det som her er referert frå samarbeidet med Kjetil Straume.)

  • Korreksjon og oppklaring:
    Setningen i kommentar 2 ovanfor, frå line 12 og vidare, har forvilla seg inn og har ikkje noko her å gjere: "Det er mange objekt måla av han, særleg omkring 1840-1845. På Hærstad var eit bryllup 1845, men initialane let seg ikkje lett samsvarast." - Bryllupet på Hærstad var i 1824 då døra vart måla. Det meste tyder på at Nikuls Buine måla ivistoga på Hærstad der og denne døra kjem frå. Han måla ei kiste på ein nabogard i 1826 og utvandra så til Kviteseid 1828. Han var født 1789. Johannes Mårheim, seinare og kalla Varmekro, var født 1809, budde i Tinn/Vinje og var altså15 år då døra vart måle. Vi kan vel trygt gå ut frå at det er ei mistyding at han er nemnd som målar her.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to