Part of exhibition
History
-
Forbildet for Ole Granheim-fela til Olav Moe. [ELK]
Frå protokoll B8:
"Fela er tidlegare eigd av meisterspelemannen Ola Olssen Fystro, laga av Eilev Jonsson Steintjønndalen, truleg rundt 1850-1870.
Ein kar frå Hippisbygda i Nord-Aurdal, kjend under namnet «Randiguten», reiste omkring 1880 til Telemark og tok seg tenest på ein gard. Han hadde tenkt å bli spelemann, og for dei pengane han tente der borte, kjøpte han denne fela. Etter at han kom heimatt, synte det seg at det å bli spelemann var vanskelegare enn han hadde tenkt, og etter ei tid selde han fela til meisterspelemannen Ola Olssen Fystro.
Fystro'n, som hadde lært mykje runddanslæte av Ulrik i Jensestogen, og elles sjølv var flink til å spela etter notar, tykte fela var litt stutt i grepet. Og ein gong i 1890-åra tok han henne med seg til instrumentmakar Kleven i Kristiania og fekk han til å skøyte fram halsen. Fela fekk ved dette noko lenger mensur. Sidan nytta han ikkje nokon an fele.
Han bruka strenger nr. 12 og stilte henne i A for at ho skulle passe med piano til tonefylgje.
Ola Fystro og far var trimenninger og svært gode vener, og straks før han døydde i 1946 gav han fela til far som seinare gav henne til meg. Men før eg overtok fela hadde Olav bror fått tak i henne. Ein gong ungane hans var åleine heime hadde dei teke fram fela og fylt henne med vatten. Etter denne handsaminga gjekk ho mykje opp i liminga. Botnen vart noko bylgjut og etiketten til felemakaren med namn, årstal og opplysningar om førstepremiar, medaljer m.m kom bort.
Eg reparert henne i 1962 so ho vart godt brukande, men i 1978 vart ho overhala og justert av Olav Viken. Sigbjørn Bernhoft Osa seier at det var ei mykje verdfull fele og at ho er laga av Eilev Johnsen Steinkjønndalen mellom 1850 og 1870.
Slidre, 27. desember 1980. Knut Snortheim."
Det høyrer med felekasse, 2 felebogar, 7 pk strenger, harbeid 1 boks (eske), og sordin (lyddemper).
Produksjon: 1850 - 1870
- ProdusentSteintjønndalen, Eilev Jonssen (1821 - 1876)sikker
- DigitaltMuseumSearch in «Steintjønndalen, Eilev Jonssen»
Relation
-
Object/Work – Components3 related objects
- ThingHardingfele (VFF 15614_A)
- ThingBoge (VFF 15614_B)
- ThingFeleskrin (VFF 15614_C)
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF 15614
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedSeptember 10, 2014
- Date updatedNovember 1, 2023
- DIMU-CODE011025211286
- UUID8b487558-5729-4d5b-b644-c60b60242ec2
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».