100
Gjenstandsnummeret består av strikkepinne i originalt futteral. Strikkepinne til bruk for rundstrikking. Eitt stykke med vanlege strikkepinnar i endane, mellom desse er eit stykke med bøyeleg plast som maskene kan førast innpå etter kvart som strikkinga går framover. Pinnane er forma med ein liten vinkel slik at heile pinnen får ei funksjonell sirkelrund form. Futteralet har raudt bakstykke og gjennomsiktig framstykke, begge i plast. Opning oppe. Under plastdelen er eit papirstykke med tekst, sjå eigen rubrikk.
Photo: Sunnfjord Museum
Accept license and download photo