History
-
-
Gjevaren fortel :
"Komfyren var i bruk så lenge eg kan hugse av tanter og bestemor. Eg meiner dei må ha fått komfyren rett etter krigen. Eg hugsar at det stod vatn på magasinplata heile tida. Dei varma mat til dyra der. Om det var kaldt på kjøkenet, brukte dei magasinet til oppvarming av rommet også.
Komfyren sto i kroken mot nordaust, like ved døra som gjekk rett ut frå kjøkkenet. Det var ei dobbelt dør, som vi opna om sommaren, for at det skulle vere lett å gå ned i fjøsen.
Magasinet var lukka om natta for å lade seg opp. Det var viktig. Det var også viktig å lade han opp når han hadde vore i bruk. Dette var etter frukost og etter middag.
Når det gjeld bruk, må vi skilje mellom tida før og etter vi fekk varmt vatten i krana. Det trur eg må ha vore tidleg på 1960-talet. Eg hugsar den gamle kjøkkenbenken med kaldvasskrana.
På 50-talet: Det første som skjedde om morgonen var å tappe vatn i ei stor panne, slik at vi fekk heitt vatn, til å vaske oss i og for å kunne vaske opp etter frukost. Kaffien blei ofte kokt på ei mindre plate, men kunne og settast over på magasinet, og når det var lada opp, gjekk det svært fort å koke kaffi.
På 60-talet etter at vi fekk varmt vatn i krana, fekk magasinet ei anna rolle. No vart det berre til matlaging. Men så vidt eg kan hugse, sto det framleis nokre år ei gryte vatn på komfyren. Gammal vane…
Planlegging var viktig når det galt bruk av kokeplater. Ting, f.eks. kjøt, som skulle koke lenge, kunne bli kokt opp på magasinet for seinare å bli flytt til ei anna plate for å stå og småkoke. Stod det for lenge og kokte på magasinet vart magasinet kaldt, og det tok eit par timar å lade det skikkeleg opp. Difor vart han mykje brukt til rask oppkoking.
Om ettermiddagen, før fjøstid, var fjøsgryta sett på magasinet for oppkok. I fjøsgryta var det matrestar og gammalt brød, trur eg. Så ble det blanda i kaldt vatten i ei bøtte på trappa.
Men magasinet hadde og rolle som varmeomn. Om det var kaldt om kveldane i kjøkkenet, vart magasinet opna for å få opp varmen i rommet.
Magasinkomfyren stod altså inne i kjøkkenet frå ca 1946 til 1996 eller 1997, då vi sette han på låven.
Det var tanta mi som budde i huset dei siste 20 åra, borsett frå at eit par systrer kom inn og budde der i sine siste år. Mor mi, som budde i Bergen, var mykje der inne. Ho var den siste i den generasjonen som døydde – i 1995. Då overtok eg huset. Vi brukte magasinovnen til å begynne med, men platene var så dårlege, også sjølve magasinet, at middagen vart aldri ferdig."
-
Aksesjon - 2011
Gåve frå Sigrid Skarstein,eigar av huset på Muri, Olden. -
Bruk - 1945 — 1970 (Gjevar sine opplysingar)
Var i bruk i Olden -
Produksjon - 1935 — 1945 (Magasinkomfyrane kom i produksjon på midten av 1930-talet.)
-
Classification
References
-
- Digitale objekter Om magasinkomfyr på Wikipedia
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- Identifier NFM.2011-00004
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published September 9, 2014
- Date updated October 30, 2023
- DIMU-CODE 011025128690
- UUID d3d923c7-fa0b-4561-b2ac-78e86408c6d7
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».