100
Sett ovanfrå har omnen form av ein likesida firekant. Frå sida er den rektangelforma. Overflata er glatt metall, men øvst på kvar side er det tre firkanta hol. På oppsida er det spent ein slags netting. Inni er det flak av grått materiale som det er tynn metalltråd tvinna rundt. På to sider er det metallringar til å løfte omnen med. Det er ingen brytatar på omnen, berre to ledningsuttak. Litt ledning sitt att, den er trekt med tekstilakrig materiale og ledningsuttaka er fôra med porselenspluggar. Omnen står på fire bein, eitt i kvart hjørne. Metallet er ganske tynt, omnen er ikkje så tung. Er skrudd saman av ein slags metallplatar.
Photo: Nordfjord Folkemuseum
Accept license and download photo